Dolmøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dolmøya
Geografi
Norway - Dolmøya.png
Stad Frøyfjorden
Koordinatar 63°38′50″N 08°46′37″EKoordinatar: 63°38′50″N 08°46′37″E

Areal 14,5 km²

Høgaste punkt Kista (50 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Dolmøya er ei øy i Hitra kommune med vel 450 innbyggjarar. På øya ligg fleire busetjinga av varierande storleik, men med Kjerringvåg som den største. Inntil Frøyatunnelen stod ferdig i 2000 gjekk det ferje mellom Kjerringvåg og FlatvalFrøya. Dolmøya fekk vegsamband til fast-Hitra i 1961 då Vettastraumen bru opna.

På øya finn ein Dolm kyrkje frå 1920. Kyrkja har derimot vore bygd opp at fleire gonger og den eldste kyrkjestaden er truleg frå seinmellomalderen. Dolm kyrkej erstatta ei eldre og lita stavkyrkje frå tidleg mellomalder, frå om lag år 1000, på Undås. Dolm kyrkje er bygd i romansk stil med rundbogar og tjukke steinveggar. Ho har vore brannherja etter lynnedslag og gjenreist igjen fire gonger (1709, 1772, 1848 og 1920). Funn tyder derimot på at det har vore fleire branner, og at minst ein gong har folk brent inne i kyrkja. Dolm kyrkje er omgjeve av mange segner. Mellom anna har det vorte sagt at det kviler ei forbanning over ho, at kyrkja skal brenne kvart hundrede år.

Dolmen by er kanskje Hitra sin mest kjende attraksjon med fleire hundre miniatyrhus, hamneområda mv. Etter eit omflakkande tilvære fekk byen til slutt ein permanent plassering ved Dolmsundet Hotell på fast-Hitra i 2001.