Dolmar GmbH

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dolmar)
Dolmar GmbH

Org.formAksjeselskap
BransjeSkogbruk
Skipa1927
EigarMakita
MorselskapMakita
HovudkontorHamburg
LandTyskland
Nettstadwww.dolmar.de

Dolmar GmbH er eit tysk førtak, eigd av Makita. Dolmar produserer motorsager og hagereiskapar. Hovedkontoret ligg i bydelen Hamburg-Wandsbek i Hamburg. Føretaket var, saman med konkurenten Stihl, ein av pionerane innan utvikling og produksjon av motorsager, og er spesielt kjent for tomannssagene sine. Føretaket er oppkalla etter Dolmarfjellet i Thüringen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dolmar A. Sverdet kunne tippast opp, slik at saga kunne stp horisontalt ved kapping.
Dolmar CV.

Føretaket vart stifta av Emil Lerp i 1927, som tidlegare hadde vore salgsrepresentant for Rinco. Den fyrste Dolmar-saga, modell A, hadde ein to-sylindra totaktsmotor med eit slagvolum på 246 cm³. Dette var ei stor og tung sag, men ho var etter måten driftsikker[1]. I 1929 kom Alfonso Lange inn som partnar i føretaket. I 1930 var det rundt 200 tilsette ved fabrukken i Hamburg. På 1930-talet vart det eksportert ein god del Dolmar-sager til Nord-Amerika[1]. I 1930 kom den forbetra tomannssaga C, I 1938 kom det enda ei ny tomannssag, modell CL, som vart produsert heilt til 1964.

I 1952 tok Dolmar til å produsera einmannssaga CP, som hadde girdrift og vridbart sverd, slik at ho kunne nyttast både for felling og kapping. I 1957 kom model CF, som hadde membrannforgassar.

I 1975 vart kjøpte Fichtel & Sachs seg inn i føretaket og fekk aksjemajoriteten. Grunnen var truleg at dei ynskte å syna at wankelmotoren høvde bra som motorsagmotor. Etter som wankelmotoren er så godt som vibrasjonsfri verka dette lovande, men motorsager med wabkelmotor vart ingen kommersial suksess. I 1991 vart Dolmar oppkjøpt av det japanske føretaket Makita. Dolmar produserer framleis motorsager, men er ikkje lenger ein leiande produsent.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.