Dolphin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dolphin
Dolphin icon in Plasma 5.svg
KDE.png
Dolphin 15.12.3 på Kubuntu 16.04
UtviklarDugnad
Oppretta2006
Utgjeve2006
Nyaste versjon16.08.0
Utgjeve12-Aug-2016
OperativsystemGNU/Linux, Windows[1]
ProgrammeringsspråkC++, C
LisensGNU General Public License (GPL), Versjon 2.
Nettstadwww.userbase.kde.org

Dolphin er filutforskaren til KDE, laga med brukarvenlegheit som hovudfokus.[2]

Under tidlegare versjonar av KDE var Konqueror standard filutforskar og nettlesar, men etter at Konqueror vart for komplisert til å vere standard filutforskar vart filutforkarfunksjonaliteten skilt ut av Konqueror og tilført Dolphin. Konqueror fortsetter å vere standard nettlesar til KDE.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

  • Fanenavigasjon
  • 3 visningsmodusar (Ikon, Detaljar og Kompakt), som blir hugsa for kvar mappe
  • Enkel visning av skjulte mapper
  • Enkel navigering av filsystemet med autofullføring gjennom navigasjonsbaren
  • Sorterig av filer etter:
    • Dato laga
    • Dokumenttype
    • Alfabetisk rekkefølge
    • Storleik
    • Eigar (alfabetisk sortert)
    • Filtype (alfabetisk sortert)

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

  • Målgruppe

Dolphin er meint for brukarar som er middels kompetente i sitt bruk av ei datamaskin. Det betyr ikkje at Dolphin er over gjennomsnittet vanskeleg å bruke men at Dolphin har fleire eigenskapar og val som kan forvirre nye brukarar.

  • Ikkje-hindrande funksjonar

Om ein funksjon eller eigenskap skal leggast til dolphin må det vurderast om det tilfører eigenskapar til dolphin som gagnar brukarar utanfor målgruppa til dolphin. Ikkje-hindrandre omhandlar for det meste brukargrensesnittet, om ein ein ny funksjon eller eigenskap vil føre til rot eller uorganisering i brukargrensesnittet vil den ikkje bli lagt til.

  • Val

Val er viktige fordi «gjennomsnittbrukaren» ikkje eksisterer. Men det er likevel ikkje sagt at dolphin sitt mål er å dekke kvart brukarkrav, fordi kvart val og eigenskap som tilføyast gjer det vanskelegare å finne eksisterande val og eigenskapar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Installer KDE 4 på Windows» (engelsk). 18.06.2016. Henta 17.09.2016. 
  2. «Userbase.dolphin» (engelsk). 01.05.2016. Henta 17.09.2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]