Domžale
46°8′22″N 14°35′42″E / 46.13944°N 14.59500°E
| Domžale | |||
| kommune | |||
Kultursenter i Domžale | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Sentral-Slovenia | ||
| Høgd | 302 m | ||
| Areal | 72,3 km² | ||
| Folketal | 38 190 (2025[1]) | ||
| Bilnummer | LJ | ||
![]() Domžale 46°08′00″N 14°36′00″E / 46.133333333333°N 14.6°E | |||
| Wikimedia Commons: Municipality of Domžale | |||
| Nettstad: https://www.domzale.si | |||
Domžale er ein by og ein kommune i den statistiske regionen Sentral-Slovenia i Slovenia. Han ligg aust i den tradisjonelle regionen Gorenjska. I 1998 blei ein del av kommunen skild ut til ein ny kommune, Trzin.[2]
Kommunen ligg ved foten av Kamnik-Alpane og vert kryssa av elva Kamniška Bistrica, som spring ut i denne delen av Alpane. Landskapet er prega av skogkledde åsar og jorder.
Domžale er i dag kjend for veksande små føretak, jordbruk og lettindustri. Krumperk slott i renessansestil ligg i byen, som òg har eit yrande folkemusikkmiljø.
Domžale radiosendar, den kraftigaste sendaren i Slovenia, låg nær byen. Han nådde store delar av Europa på mellombølgja.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[a]
| Folketal 2002[3] | Folketal 2011[1] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Domžale | 11 582 | 12 406 | 13 102 |
| Vir | 3 078 | 3 415 | 3 454 |
| Preserje pri Radomljah | 1 306 | 1 531 | 2 120 |
| Radomlje | 1 566 | 1 674 | 1 720 |
| Dob | 1 395 | 1 563 | 1 636 |
| Kommunen Domžale | 29 902 | 33 936 | 36 683 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljingane i 2011 og 2021 er gjennomførte som registerbaserte teljingar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Domžale» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Population by sex and by age, municipalities and settlements, Slovenia, annually». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.
- ↑ «Zakon o spremembah in dopolnitvah zakona o ustanovitvi občin ter o določitvi njihovih območij (ZUODNO-B), stran 4017. (Lov om endringar i og tillegg til lov om oppretting av kommuner og fastsetjing av deira område (ZUODNO-B), side 4017.)». Glasilo Uradni list RS (Offisielt lysingsblad for Slovenia) 56/1998. 7. auguat 1998. Henta 1. september 2025.
- ↑ «Population, settlements, Slovenia, census 2002». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.

