Dom João de Castro Bank

Koordinatar: 38°08′N 26°23′W / 38.14°N 26.38°W / 38.14; -26.38
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dom João de Castro Bank
Topp 14 muh.
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 38°08′N 26°23′W / 38.14°N 26.38°W / 38.14; -26.38
Land Asorane i Portugal
Type Undersjøisk vulkan
Siste utbrot 1720

Dom João de Castro Bank er ein stor undersjøisk vulkan i Asorane sentralt i Atlanterhavet. Vulkan ligg midt mellom øyane Terceira og São Miguel og stig til 14 meter under havoverflata. Vulkan har danna eit stort fumarolefelt og er seismisk aktivt.

Det siste utbrotet kom i desember 1720 og danna ei øy som var 1,5 km lang og om lag 250 meter brei. Øya vart berre verande over sjøen i to år før erosjon tok ho tilbake til havet.

To sidekrater, begge om lag 90 x 45 m store, ligg på nordvestsida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]