Domalde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Domalde blir ofra. Illustrasjon av Erik Werenskiold
Detaljstudie frå 1914 til Carl Larsson sitt monumentalmaleri Midvinterblot.

Domalde var ein sogekonge av ynglingeætta i Svitjod (Sverige). Han er ein av dei kongane frå nordiske forhistorisk tid som ein i vår tid ikkje er viss på om har levd. Domalde er best kjend for at han skal ha blitt blota for betre tider.

Omtale frå mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Domalde er omtalt i Ynglingatal av Tjodolv den kvinværske og i Ynglingesoga av Snorre Sturlason. Også Historia Norvegiæ inneholder en referanse til Domalde, som eit resyme av Ynglingatal.

Ifølgje Ynglingesoga var Domalde son av Visbur, far til Domar, og konge av Svitjod. Domalde var konge i Uppsala i ei årrekkje med misvokster og uår. Ettersom ingen av offera hans av menneske eller dyr hadde nokon verknad, blei han til slutt sjølv blota til gudane.

Fyrste hausten blota dei naut, men de besna ikkje med åringen for de. Hausten etter tok dei til med å blota menn, men åringen vart ved same lage eller verre. Men den tridje hausten kom sviane mangmente til Uppsalir, då det skulde vera blot. Då samrådde hovdingane seg med kvarandre, og dei vart samtykte um de, at uåre kom frå Domalde, kongen deira, og likeeins at dei skulde blota han for gode åringar og taka på han og drepa han og farga stallane raude med blode hans. Og det gjorde dei og. So segjer Tjodolv:
Hitt vas fyrr
at fold ruðu
sverðberendr
sínum drótni,
ok landherr
af lífs vǫnum
dreyrug vápn
Dómalda bar,
þá er árgjǫrn
Jóta dolgi
Svía kind
of sóa skyldi.[1]
Fordom de hende,
dei farga jordi,
sverd-kjempur,
med kongeblod.
Og mot Domalde,
dømt fraa live,
landsheren bar
blodute vaapn,
og svia-menn
av svelting leide
jute-hataren
til Hel sende.[2]
[3]

Kvadet er eit utdrag frå Ynglingatal.

Den eldste Noregshistoria (Historia Norvegiæ) nemner at Domald vart hengd som offer til Ceres (altså Frøya), ikkje blota.

Domalde i nyare forsking og kultur[endre | endre wikiteksten]

Carl Larsson sitt monumentalmåleri Midvinterblot skildrar ofringa av Domalde. Den norske kunstnaren Erik Werenskiold har også skildra motivet i sine illustrasjonar til Ynglingesoga.

Ofringa av Domalde går inn i Gro Steinslands analyse av dei heidne kongeofringane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ynglingasaga frå Heimskringla på runeberg.org¨
  2. Steinar Schjøtts omsetjing fra heimskringla.no
  3. Hødnebø, Finn & Hallvard Magerøy (1982): Snorre Sturluson: Norges Kongesagaer. Oslo: Gyldendal norsk forlag A/S, s. 24.