Dome A

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 80°22′S 77°21′E
Dome A
Dome Argus
platå
none  Biletet syner Dome C, men landskapet, eller mangelen på det, er det same ved Dome A.
Biletet syner Dome C, men landskapet, eller mangelen på det, er det same ved Dome A.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Princess Elizabeth Land
 - høgd 4 091 moh [1]
 - Primærfaktor 1 639 m
 - koordinatar 80°22′S 77°21′E
Administrert under Antarktistraktaten
Dome A is located in Antarktis
Dome A (Antarktis)

Dome A eller Dome Argus er eit platå i Antarktis som ligg 1200 kilometer frå kysten. Ein meiner at dette er den kaldaste staden på jorda og ein trur at temperaturane kan falle så langt som til -102 °C.[2] Det er det høgaste isdekte området av Antarktis og består av eit høgdedrag på 4091 meter over havet. Det ligg nær midten av Aust-Antarktis, kring halvvegs mellom toppen av Lambertbreen og Sørpolen i det australske kravområdet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dome Argus er det høgaste punktet på den massive austantarktiske iskappa, og er ikkje eit fjell i vanleg forstand. Dome A er ei slette og ei kan ikkje sjå det høgaste punktet i området. Under Dome A, under eit eit minst 2400 meter tjukt isdekke, ligg Gamburtsevfjella.

Namnet «Dome Argus» vart gjeve av Scott Polar Research Institute etter gresk mytologi. Argus bygde skipet som Jason og argonautane reiste med.

Staden er ein av dei tørraste på jorda og får berre 1 – 3 cm snø per år. I tillegg er det som regel roleg vêr, så staden er eit godt utgangspunkt for å hente opp iskjerneprøvar for å forske på tidlegare klima.[2] Temperaturane på Dome A fell under -80 °C nesten kvar vinter, medan han om sommaren sjeldan går over -10 °C.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Detaljar i morfologien til domen vart undesøkt ved hjelp av ekkoloddmålingar frå lufta mellom 1967 og 1979.

I januar 2005 kryssa eit lag frå Chinese National Antarctic Research Expeditions (CHINARE) frå Zhongshan-stasjonen til Dome A og nådde det som er det høgaste punktet på isdekket (4093 moh) ved 80°22’S 77°21’E den 18. januar. Reisa var 1228 km lang. Toppen av isen ligg nær enden av ein lang rygg (kring 60 km lang og 10 km brei) som er eit stort isskilje. Langs heile ryggen er ikkje høgdeskilnaden meir enn nokre få meter. Ein automatisk vêrstasjon er sett ut på Dome A, og ein ny stasjon vart sett opp kring halvvegs mellom toppen og kysten, ved ein stad kalla Eagle (76°25'S, 77°01'E, 2830 moh). Desse vêrstasjonane vert drivne i eit samarbeid mellom Kina og Australia. Ein tredje stasjon (LGB69) ved 70°50'S, 77°04'E, 1854 moh, har vore i drift sidan janaur 2002. Stasjonen på Dome A vert driven av solceller og diesel og krev årleg vedlikehald og påfylling av drivstoff.[2]

Den lågaste temperaturen som til no er registrert på Dome A sidan januar 2005 var i juli 2005: -82,5°C. Den lågaste lufttemperaturen (-89,2 °C) som er registrert på jordoverflata var gjort i juli 1983 ved Vostok, som ligg nesten 600 meter lågare enn Dome A. Analysar av satellittdata og atmosfæriske modellar har vist at Ridge A, som ligg 144 km søraust for Dome A, potensielt er ein enno betre stad for å finne dei lågaste temperaturane på jorda.[3]

Observatorium[endre | endre wikiteksten]

Polar Research Institute of China sette ut eit robotdrive observatorium kalla PLATO (PLATeau Observatory) på domen i januar 2008.[4] PLATO vart utforma og bygd av University of New South Wales i Sydney i Australia for å fungere som ei plattform for astronomiske observasjonar og undersøkingar av området.[5] Forskjellige institusjonar frå Australia, USA Kina og Storbritannia har laga instrument som vart nytta av PLATO.

Kunlun-stasjonen, den tredje stasjonen til Kina i Antarktis, vart oppretta på domen den 27. januar 2009.[6] Så langt vert Kunlun-stasjonen berre nytta om sommaren, men det er planar om å utvikle han vidare og bygge ei flystripe i nærleiken, sidan stasjonen ikkje er mogeleg å nå med helikopter.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Antarktis Ultra-Prominences" Peaklist.org. Henta 9. mars 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Dome A - coldest place on Earth». Wondermondo. http://www.wondermondo.com/Countries/An/Antarctica/Antarctica/DomeA.htm. 
  3. Saunders, Will; Lawrence, Jon S.; Storey, John W. V.; Ashley, Michael C. B.; Kato, Seiji; Minnis, Patrick; Winker, David M.; Liu, Guiping; et al. (2009), «Where Is the Best Site on Earth? Domes A, B, C, and F, and Ridges A and B», Publications av Astronomical Society av Pacific 121 (883): 976–992, doi:10.1086/605780, Bibcode2009PASP..121,.976S 
  4. «International team establishes unique observatory in Antarctrica». spaceref.com. 2008-02-03. http://www.spaceref.com/news/viewpr.nl.html?pid=24685. Henta 22. april 2013. 
  5. «PLATO - Dome A robotic observatory». UNSW. 2009-12-22. http://mcba11,phys.unsw.edu.au/~plato/. Henta 2009-12-22. 
  6. «China sets up 3rd Antarctic station». 2009-01-28. http://www.chinadaily.com.cn/china/2009-01/28/content_7430570.htm. Henta 22. april 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]