Dominique Rocheteau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dominique Rocheteau


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. januar 1955 (69 år)
Saintes
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, VM i fotball 1978, VM i fotball 1982, EM i fotball 1984

Dominique Rocheteau (fødd 14. januar 1955) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Saintes. Han var ein fintesterk vengspelar i fransk fotball på 1970- og 80-talet, skåra 15 mål på 49 landskampar for Frankrike.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rocheteau var aktiv 1971-80 for AS Saint-Étienne, 1980-87 for Paris Saint-Germain og 1987-89 for Toulouse FC. Med Saint-Étienne vart han fransk ligameister 1974, 1975 og 1976, fransk cupmeister 1977. Våren 1976 var han innbytar då laget tapte finalen i Europacupen i fotball 1976 mot Bayern München. Med Paris Saint-Germain vart han cupmeister 1982 og 1983, samt ligameister 1986.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rocheteau debuterte i ein EM-kvalifiseringskamp mot Island den 3. september 1975. Sidan deltok han VM i fotball 1978, VM i fotball 1982, EM i fotball 1984 og VM i fotball 1986. Under europameisterskapen 1984 var han med om å sikre Frankrikes fyrste store meisterskapstriumf og i Mexico-VM 1986 fekk han med seg ein bronsemedalje. Rocheteau spelte sin siste landskamp i VM-kvartfinalen mot Brasil, ein kamp Frankrike vann gjennom straffeskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]