Hopp til innhald

Domitian av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domitian

Keisar av Romarriket
Periode81-96
Fødd14. september 51 i Roma
FødestadRoma
Død18. september 96 i Roma
DødsstadRoma
MorDomitilla den eldre
FarVespasian av Romarriket
EktefelleDomitia Longina
BarnTitus Flavius Caesar, Flavia, Vespasian the Younger, Domitian the Younger
FøregangarTitus
EtterfølgjarNerva

Titus Flavius Domitianus, eller berre Domitian (14. september 5118. september 96), var romersk keisar frå år 81 til 96. Domitian var den tredje og siste keisaren frå det flaviske dynastiet, etter faren sin Vespasian og den eldre broren Titus. Domitian var ikkje spesielt populær, og blei i ettertida rekna for å ha vore ein tyrann.

Domitian hadde utmerka seg som diktar og ikkje som krigar då han overtok keisarembetet i år 81, 30 år gammal. I den fyrste tida si ved makta blei han ikkje skulda for noko verre enn at han sat på rommet sitt og spidda fluer med stylusen sin. Han skreiv eit verk om venleiken og verdet til håret, sjølv om han sjølv var skalla og som oftast gjekk med parykk. Verket er ikkje bevart, men er sitert av Sueton. Etter kvart kom han i konflikt med det romerske senatet, som han også bad om råd om tilreiing av fisk.[1]

Han viste seg likevel å bli ein dyktig administrator, og gjekk særs hardt ut mot korrupsjon. Han retta også oppdragande tiltak mot romarane, blant anna ved å forby kastrering av menn og straffa homoseksuell praksis blant senatorane.

Domitian blei snart kjend for å vera streng i retts- og moralspørsmål. Han viste ikkje nok respekt for senatet og det gamle republikanske hierarkiet. Sidan han såg på funksjonen til senatet som rådgjevarar for keisaren for å vera tomme formalitetar, byrja senatet raskt å mislika han. Dessuten flytta maktsentrumet i Roma seg gradvis frå senatet til keisarhoffet, og stadig fleire ikkje-romarar fekk politisk innverknad. Hjå éi gruppe var han likevel svært populær: soldatane. Han sette opp lønna deira frå 300 til 400 sestertius.[2]

Domitian la ut på to krigstog. Det eine var mot chattiane, eit germansk folk som heldt til bak Rhinfronten. Det andre var mot dakarane, som hadde tatt seg inn i riket og drepe ein romersk guvernør. Ingen av felttoga førte til nye erobringar.[3]

Han gifta seg med Domitia Longina, som alt var gift Aelius Lamia.[4]

Som keisar blei Domitian stadig meir mistenksam. I år 87 blei det avslørt ein konspirasjon mot han blant ei gruppe senatorar, og i 89 blei det innleidd eit mislykka opprør av guvernøren for Germania Superior, Lucius Antoninus Saturninus. Mot slutten av år 93 førte mistankane til Domitian til eit utbrot mot senatorar, equites (riddarar) og administratorar som førte til avrettingar og landsforvisingar. Han er blitt tillagt følgjande utsagn: «Ein keiser som ikkje må avretta folk, er ikkje ein god keisar, men ein heldig keisar.» Han kunne finna på å la middagsgjestane sine avrettast utan forvarsel. Han innførte omfattande keisardyrking, eit effektivt spionasje- og terrorsystem, viste seg mistruisk i høve til senatet og sin eigen familie, og utførta avrettinga av alle antekne motstandarar.

Blant dei avretta var Salvius Cocceianus, fordi han hadde markert fødselsdagen til farbroren sin, keisar Otho; Mettius Pompusianus fordi han bar med seg eit verdskart på pergament, og hadde gitt to av slavane sine namna Mago og Hannibal; Sallustius Lucullus, guvernøren i Britannia, for å late nokre lansar bli kalla «lukulliske» etter seg sjølv; Junius Rusticus fordi han hadde publisert lovtalar over Paetus Thrasea og Helvidius Priscus, og kalla dei dei mest helstøypte blant menn; på denne bakgrunnen forviste Domitian alle filosofer frå Italia.[5] Han iverksette også betydelege kristenforfølgingar som var meir omfattande enn dei til Nero. Denne terroren gjekk også ut over jødar. Det er likevel usikkerheit kring forteljingane om kristenforfølgingane hans, som det ikkje er funne bevis for.

Domitian blei knivstukken og drepen ved ei samansverjing som omfatta kona hans Longina og fleire offiserar. Ein skrivar hadde gått med den eine armen sin bandasjert i fleire dagar, med ein dolk gøymd inni.[6] Hæren sørga over han, men senatet var nøgd med at skrekkveldet hans var over, og at neste keisar skulle verasenatoren Nerva.[7]

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Etter at han døydde blei det vedtatt eit damnatio memoriæ over Domitian. Namnet hans blei fjerna frå alle innskrifter, og hovudet hans frå statuer.[8] Ein ryttarstatue av han fekk nytt hovud som førestilte etterfølgjaren hans, Nerva.[9]

  1. Kirsti Gulowsen og Olaf Steen: Roma (s. 96-97), Dreyers forlag, Oslo 2016, ISBN 978-82-8265-160-8
  2. Chris Scarre: Chronicle of the roman emperors, London 1995, s. 77–80
  3. Chris Scarre: Chronicle of the Roman Emperors, London 1995, s. 81–82
  4. De Vita Caesarum; Domitianus Sueton
  5. Sueton: De Vita Caesarum; Domitianus
  6. Kirsti Gulowsen og Olaf Steen: Roma (s. 97)
  7. Chris Scarre: Chronicle of the Roman Emperors, London 1995, s. 83
  8. Mati Davis og Sara Chopra: Damnatio memoriæ: On facing, not forgetting our past, 21. august 2020
  9. Kieren Johns: Damnatio memoriæ, destruction and disgrace