Don

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don
elv
none  Don i Voronezj oblast
Don i Voronezj oblast
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde ved Novomoskovsk
 - høgd 180 moh moh
Munning Azovhavet
Lengd 1 870 km km
Nedslagsfelt 422 000 km² km²
Vassføring
 - middel 900 m³/s /s
Wikimedia Commons: Don River

Don (russisk Дон) er ei av dei store elvane i Russland. Ho spring ut ved Novomoskovsk, 60 km frå Tula, søraust for Moskva, og renn 1870 km til Azovhavet.

Frå kjelda renn elva først søraustover til Voronezj, så sørvestover til munningen. Den største byen langs elva er Rostov-na-Donu og den største sideelva er Donets.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart elva rekna som grensa mellom Europa og Asia.[1] I Boka om Jubelåra vert ho nemnd som grensa frå det vestlegaste punktet og til munningen, mellom landområda til Jafet i nord og Sem i sør, sønene til Noah. I perioden under dei gamle skytarane vart elva på gresk kalla Tanaïs og har vore ei stor transportåre sidan den gong.

Tanais dukkar opp i gamle greske kjelder som namnet på elva og byen som låg her, ved Dei maeotiske myrområda. Namnet kjem truleg frå det skytisk-iranske Dānu, «elv», som er i slekt med det moderne ossetiske don, som tyder «elv».

Ved det austlegaste punktet i elva er Don nær Volga. Volga-Don-kanalen, med ei lengd på om lag 105 km, går her mellom dei to elvane og er ei viktig transportåre. Khazar-festninga i Sarkel dominerte dette området i mellomalderen. Denne delen av elva var òg åstad for kraftige kampar under Operasjon Uranus, eit av vendepunkta under den andre verdskrigen.

Don har gjeve namn til don-kosakkar, som slo seg ned i den frodige dalen på 1500- og 1600-talet. I moderne litteratur er Don særleg sentralt i verka til Mikhail Sjolokhov, ein frofattar frå stanitsaen Vesjenskaja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norman Davies (1997) Europe: A History, s. 8 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-7126-6633-8.