Don't Ask Me Why av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don't Ask Me Why
Singel av Billy Joel
frå albumet Glass Houses
B-side

«Through the Long Night»

Utgjeve 24. juli 1980
Innspelt 1980
Sjanger poprock
Lengd 2:59
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«It's Still Rock and Roll to Me»
(1980)
Don't Ask Me Why «Sometimes a Fantasy»
(1980)


«Don't Ask Me Why» er ein song av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980.

Teksten handlar om alt mogeleg i livet som har blitt sjølvsagte ting over tid. Songen har ein lettare visestil, som minner meir om songar frå tidlegare Joel-album enn den meir rocka stilen på resten av albumet. Akkompagnementet består av akustiske instrument og latinsk perkusjon, spelt i ein afrokubansk rytmisk stil. Ein latinskaktig pianosolo vert spelt i mellomspelet etter andre verset.

«Don't Ask Me Why» vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet og låg to veker på toppen av Adult Contemporary-lista og nådde 19. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[1]

Songern vart seinare gjeven ut på Greatest Hits Volume 2.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Canada[2] 4
Nederland 42
U.S. Billboard Hot 100 19
U.S. Billboard Adult Contemporary 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]