Don't Bring Me Down
Don't Bring Me Down Singel av Electric Light Orchestra frå albumet Discovery | ||
B-side |
«Dreaming of 4000» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. juli 1979 (US), 24. august 1979 (UK) | |
Innspelt | Musicland Studios, München i Tyskland (1979) | |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 4:02 | |
Selskap | Jet | |
Komponist | Jeff Lynne | |
Tekstforfattar | Jeff Lynne | |
Låtskrivar(ar) | Jeff Lynne | |
Produsent | Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
«The Diary of Horace Wimp» (1979) |
Don't Bring Me Down | «Confusion»/«Last Train to London» (1979)
|
«Don't Bring Me Down» er ein song av Electric Light Orchestra frå 1979 og det niande og siste sporet på albumet Discovery. Av alle singlane deira vart det denne som nådde høgast på den amerikanske singellista.
Historie
[endre | endre wikiteksten]« | Det er ein stor, flott galopperande ball av forvrenging. Eg skreiv han i siste minutt, fordi eg var usikker på om me hadde nok høglydte songar for albumet. Dette var akkurat det eg var ute etter. | » |
—Discovery-omslaget (2001)Jeff Lynne |
«Don't Bring Me Down» vart den nest største hitten til bandet i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på singellista[2] og den største hitten deira i USA, der han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[3] Han nådde toppen av singellista i Canada og sjetteplassen i Australia. Dette var den første songen av ELO som ikkje hadde med strykarar.[4]
Trommesporet er i røynda ei lydbandsløyfe som kom frå «On the Run», berre sakka ned i tempo.[4]
Songen vart dedisert til NASA sin romstasjon, Skylab, som gjekk inn i jordatmosfæren over Indiahavet og Vest-Australia den 11. juli 1979.[4]
Den 4. november 2007 fekk Lynne ein pris frå BMI (Broadcast Music, Inc) fordi songen hadde blitt spelt to millionar gonger på radio.
Mistolka tekst
[endre | endre wikiteksten]Ei vanleg mistolking i songen er at Lynne ropar «Bruce!» i refrenget. I følgje teksten til plateomslaget på samleplata Flashback seier han «Grroosss», som kan kome frå det bayerske uttrykket «Grüß Gott». Etter songen kom ut var det så mange som mistolka teksten og trudde det var «Bruce» at Lynne byrja å syngje orda som «Bruce» for moro skuld på konsertane.[5]
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Det vart laga ein musikkvideo for songen, som synte bandet spele songen med klipp av forskjellige animasjonar innimellom som synte til forskjellige tema i songen.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[6]
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre J Church, Buzzov•en, Op:l Bastards, Status Quo, Parthenon Huxley, L.E.O., PUFFY (òg kjend som Puffy AmiYumi), Northern Kings, Donna Loren, OK Go og The New Pornographers.[7]
I 2012 gav The Hives ut ein song kalla «Go Right Ahead», som ikkje er ein direkte coverversjon, men har eit riff som er identisk til «Don't Bring Me Down»,[8] og Jeff Lynne har derfor fått status som medlåtskrivar på songen.
Jungle Brothers sampla songen på «Because I Got It Like That» på debutalbumet Straight out the Jungle i 1988. «Don't Bring Me Down» vart remiksa av Remix Artist Collective-medlemmet Karl Kling.
I andre media
[endre | endre wikiteksten]Songen er nytta i filmane Donnie Brasco i 1998, Furry Vengeance i 2010, Paul i 2011 og Super 8 i 2011 og College Road Trip i 2008.
Songen er òg nytta i The Good Guys sesong 1 i episoden «Hunches and Heists», i ein reklamefilm for Budweiser, i Doctor Who-episoden «Love & Monsters», i videospelet NHL 12 og Family Guy-episoden «Jesus, Mary and Joseph!».
Lister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1979) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[9] | 6 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[10] | 2 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] | 5 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[12] | 6 |
Canada (CHUM)[13] | 2 |
Canada Top Singles (RPM)[14] | 1 |
Frankrike (IFOP)[15] | 44 |
Tyskland (Media Control AG)[16] | 5 |
Irland (IRMA)[17] | 6 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[18] | 5 |
Nederland (Mega Single Top 100)[19] | 5 |
New Zealand (RIANZ)[20] | 6 |
Sør-Afrika (Springbok Radio)[21] | 9 |
Spania (AFYVE)[22] | 10 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[23] | 2 |
UK Singles (Official Charts Company)[2] | 3 |
US Billboard Hot 100[3] | 4 |
US Cash Box[24] | 4 |
US Record World[25] | 3 |
US Radio & Records (R&R)[26][27] | 5 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1979) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[28] | 34 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[29] | 57 |
Canada (RPM Top 200 Singles)[30] | 25 |
Nederland[31] | 39 |
Netherland (Single Top 100)[32] | 61 |
US Billboard Hot 100[33] | 81 |
US Cash Box[34] | 39 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Don't Bring Me Down» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Guarisco, Donald A. «Don't Bring Me Down – Song Review». AllMusic. All Media Network. Henta 16. februar 2015. «a song that was (...) dance-friendly enough for the disco set. Thus, «Don’t Bring Me Down» got plenty of play in discos» «It’s an ambitious melange of pop-rock styles»
- ↑ 2,0 2,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. februar 2015.
- ↑ 3,0 3,1 «Electric Light Orchestra – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 12. februar 2015.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Porter, Robert (May 2013). «Electric Light Orchestra and Jeff Lynne -- Don't Bring Me Down: An in-depth song analysis». Jefflynnesongs.com. Henta 16. februar 2015.
- ↑ Wild, David. «The Story of a Rock and Roll Band and the Pop Genius Who Dared to Go Baroque.» Flashback.
- ↑ «Mr. Blue Sky – The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015.
- ↑ Padgett, Ray (20 August 2010). til i dags-best-fest-covers.html «Consequence of Sound Presents…Best Fest Covers» Check
|url=
value (hjelp). Consequence of Sound. Henta 14 July 2014. - ↑ Johnston, Maura (27 March 2012). «The Hives: Go Right Ahead». Rolling Stone. Jann Wenner. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 14 July 2014.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Electric Light Orchestra – Don't Bring Me Down – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 1 June 2013.
- ↑ "Ultratop.be – Electric Light Orchestra – Don't Bring Me Down" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 1 June 2013.
- ↑ «Radio 2 Top 30 : 6 oktober 1979» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 14 July 2014.
- ↑ CHART NUMBER 1181 – Saturday, 01. september 1979, arkivert frå originalen 29. juli 2007, henta 16. februar 2015. CHUM. Henta 14 July 2014.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 1 June 2013.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Titres par Artiste» (på fransk). InfoDisc. Select «Electric Light Orchestra» from the artist drop-down menu. Henta 14 July 2014.
- ↑ "Electric Light Orchestra - Don't Bring Me Down". Charts.de. Media Control. Henta 1 June 2013.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Don't Bring Me Down". Irish Singles Chart. Retrieved 15. februar 2015.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Electric Light Orchestra - Don't Bring Me Down search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 1 June 2013.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Electric Light Orchestra – Don't Bring Me Down" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 1 June 2013.
- ↑ "Charts.org.nz – Electric Light Orchestra – Don't Bring Me Down". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 1 June 2013.
- ↑ «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (E)». Rock.co.za. Henta 29 April 2013.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Electric Light Orchestra – Don't Bring Me Down – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ CASH BOX Top 100 Singles – Week ending SEPTEMBER 22, 1979, arkivert frå originalen 5. februar 2011, henta 16. februar 2015. Cash Box magazine. Henta 14 July 2014.
- ↑ RECORD WORLD 1979, arkivert frå originalen 11. mai 2005, henta 16. februar 2015. Record World. Geocities.com. Henta 14 July 2014.
- ↑ ELO
- ↑ Charts!
- ↑ «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1970-åra». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 14 July 2014.
- ↑ «Jaaroverzichten 1979» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 14 July 2014.
- ↑ «Top Singles – Volume 32, nr. 13, 22. desember 1979». RPM. Library and Archives Canada. Henta 14 July 2014.
- ↑ «Single Top 100 1979» (PDF) (på nederlandsk). Dutch Top 40. Henta 14 July 2014.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1979» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 14 July 2014.
- ↑ «Top 100 Hits for 1979». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 14 July 2014.
- ↑ The CASH BOX Year-End Charts: 1979, arkivert frå originalen 25. august 2012, henta 16. februar 2015. Cash Box magazine. Henta 14 July 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Grundig songanalyse på Jeff Lynne Song Database (jefflynnesongs.com)
- Heile songteksten på MetroLyrics