Don't Bring Me Down av The Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Bring Me Down
Singel av The Animals
frå albumet Animalization
B-side «Cheating»
Utgjeve 21. mai 1966
Innspelt 1966
Sjanger Rock
Lengd 3:13
Selskap Decca Records (UK), MGM Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Produsent Tom Wilson
The Animals-kronologi
«Inside-Looking Out»
(1966)
Don't Bring Me Down «See See Rider»
(1966)


«Don't Bring Me Down» er ein rockesong skriven av Gerry Goffin og Carole King og spelt inn i 1966 som ein hitsingel av The Animals.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Don't Bring Me Down» var den tredje songen The Animals fekk skriven for seg i Brill Building-miljøet etter «We Gotta Get out of This Place» og «It's My Life». I følgje ei soge vart alle tre bestilt i 1965 av den dåverande The Animals-produsenten Mickie Most.[1]

The Animals hadde alltid eit noko omstridd forhold til slike songar, fordi dei visste at dei ville gje dei hittar, men føretrekte sjølv R&B-songar som dei nytta på albuma. I tillegg spelte dei no ein Goffin- og King-song, som Animals-songar Eric Burdon tidlegare tilsynelatande hadde gjort narr av i «Story Of Bo Diddley».

«Don't Bring Me Down» vart ein solid hitt og nådde sjetteplassen i Storbritannia og 12. plass i USA. Han nådde tredjeplass i Canada og vart òg ein av dei mest populære songane deira i Tyskland.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

New York Dolls-songar David Johansen song ein Animals-medley på konsertalbumet hans frå 1982, Live It Up som vart ein del spelt på MTV.

Tom Petty and the Heartbreakers hadde «Don't Bring Me Down» på konsertrepertoaret frå 1977 til 1986 og eit opptak vart gjeven ut på Pack up the Plantation: Live! i 1985.

Songen er òg spelt av Riki Maiocchi, Paul Shaffer og Southside Johnny.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Songwriter Carl D'Errico Interviewed by Mick Patrick». Spectropop. Henta 17. des. 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]