Don't Come Around Here No More
| Don't Come Around Here No More Singel av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Southern Accents | ||
| B-side |
«Trailer» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 28. februar 1985 | |
| Innspelt | 1984 | |
| Sjanger | Poprock, new wave, synthpop | |
| Lengd | 5:07 | |
| Selskap | MCA | |
| Låtskrivar(ar) | Tom Petty, David A. Stewart | |
| Produsent | Tom Petty, David A. Stewart, Jimmy Iovine | |
| Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
| «Change of Heart» (1983) |
Don't Come Around Here No More | «Rebels» (1985)
|
«Don't Come Around Here No More» er ein song skriven av Tom Petty frå Tom Petty and the Heartbreakers og David A. Stewart frå Eurythmics. Han vart gjeven ut i februar 1985 som den første singelen frå albumet Southern Accents.
Bakgrunn og låtskriving
[endre | endre wikiteksten]Den originale inspirasjonen til songen var eit romantisk møte som Stewart hadde med Stevie Nicks frå Fleetwood Mac.[1] På The Howard Stern Show forklarte Dave Stewart at tittelen faktisk vart sagt slik av Nicks. Ho hadde gjort det slutt med Eagles-gitaristen Joe Walsh kvelden før,[2] og inviterte Stewart heim til seg på fest etter ein tidleg Eurythmics-konsert i Los Angeles. Stewart visste ikkje kven ho var på den tida, men gjekk likevel. Då festdeltakarane alle forsvann inn på badet for å ta kokain, valde han å gå og legge seg. Han vakna klokka fem om morgonen av at Nicks var på rommet hans og prøvde ut viktorianske klede og skildra det heile som noko som likna på Alice i Eventyrland. Seinare den morgonen fortalte ho Walsh, «Don't come around here no more».
Musikkvideoe
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen har Alice i Eventyrland som tema og vart regissert av Jeff Stein.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Heartbreakers
[endre | endre wikiteksten]- Tom Petty - solovokal, piano
- Mike Campbell - gitar, bass-synthesizer
- Benmont Tench - strykarar på synthesizer
- Stan Lynch - trommer, perkusjon
- Howie Epstein - bassgitar, vokal
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Stevie Nicks - korvokal
- David A. Stewart - elektrisk sitar, synthesizer, vokal
- Dean Garcia - bassgitar i introen
- Daniel Rothmuller - cello
- Marilyn Martin - korvokal
- Stephanie Sprull - korvokal
- Sharon Celani - korvokal
- Alan «Bugs» Weidel - villhund-piano
Lister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1985) | Plassering |
|---|---|
| Kanadiske Top 100 Singlar (RPM)[3] | 20 |
| New Zealand (RIANZ)[4] | 42 |
| UK Singles Chart | 50 |
| US Billboard Hot 100[5] | 13 |
| US Album Rock Tracks (Billboard) | 2 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Susanna frå Susanna and the Magical Orchestra song ein lågmeldt versjon av songen i 2008 på albumet Flower of Evil. Den britiske indie-popartisten Diana Vickers song òg inn songen. Bob Rivers laga ein parodi av songen.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Don't Come Around Here No More» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Don't Come Around Here No More Songfacts
- ↑ Conversations With Tom Petty, 2005
- ↑ Top Singles - Volume 42, No. 11, May 25 1985. collectionscanada.gc.ca. Henta 12. mars 2015.
- ↑ "Charts.org.nz – Tom Petty & The Heartbreakers – Don't Come Around Here No More". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 12. mars 2015.
- ↑ "Petty?f=379&g=Singles Tom Petty Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tom Petty. Prometheus Global Media. Henta 12. mars 2015.
- ↑ Don't Bum Around Here no More