Don't Cry Now

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Cry Now
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve 1. oktober 1973
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 35:34
Selskap Asylum, Rhino, Flashback
Produsent John David Souther, John Boylan, Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
Linda Ronstadt
(1971)
Don't Cry Now Heart Like a Wheel
(1974)


Singlar frå Don't Cry Now
  1. «Love Has No Pride»
    Utgjeve: 15. oktober 1973
  2. «Silver Threads and Golden Needles»
    Utgjeve: 4. februar 1974
  3. «Colorado»
    Utgjeve: 17. juni 1974

Don't Cry Now er det fjerde studioalbumet til Linda Ronstadt og det første studioalbumet hennar for Asylum Records, etter seks album for Capitol Records inkludert tre som medlem av Stone Poneys.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songane på Don't Cry Now vart produsert individuelt, somme av John Boylan, som produserte det førre albumet hennar, Linda Ronstadt; somme av songaren og låtskrivaren J.D. Souther og for første gongen somme av den britiske musikaren Peter Asher, som skulle kome til å produsere dei mest populære albuma hennar framover.

Albumet inneheld tre songar skrivne av Souther. Souther og Ronstadt vart kjærastar og han skreiv fleire songar for ho. I tillegg spelte ho ein song skriven av Randy Newman, ein coverversjon av ein Neil Young-ballade, ein song av The Flying Burrito Brothers, og ein versjon av Eagles-songen «Desperado», som bandet hadde gjeve ut tidlegare på året.

Sjølv om Don't Cry Now markerte starten på ein lang periode på Asylum for Ronstadt, måtte ho gje ut det neste albumet sitt, Heart Like a Wheel, på det førre selskapet sitt, Capitol, for å oppfylle kontraktsvilkåra der.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Christgau's Record GuideC+[3]
Rolling Stone(positiv)[4]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

Don't Cry Now kom ut hausten 1974 og debuterte på Billboard-albumlista seint i oktober, der det nådde 45. plassen, som var den høgaste plasseringa hennar til då i karrieren. Albumet selde jamt og trutt og låg på lista i over eitt år.[6] I tillegg til «Desperado», gav Asylum ut to andre singlar. Den første, «Love Has No Pride», vart opphavleg spelt inn av Bonnie Raitt, og nådde 51. plassen på Billboard Hot 100[7] og vart ein topp 10-hit på Easy Listening-lista i Canada.[8] Songen vart etter kvart ein av signaturlåtane til Ronstadt og var med på det bestseljande samlealbumet hennar Greatest Hits. Den andre, «Silver Threads And Golden Needles», var den andre innspelinga Ronstadt gjorde av songen, etter at ho tidlegare hadde gjeve ut songen på debutalbumet sitt, Hand Sown ... Home Grown i 1969. Denne gongen nådde songen 67. plassen på Hot 100[7] og vart den første av meir enn 20 hittar som gjekk inn på Hot Country Songs-lista, der han nådde 20. plassen våren 1974.[9]

Don't Cry Now vart det andre albumet til Ronstadt som selde til gullplate og vart etterfølgd av det store gjennombrotet hennar, Heart Like a Wheel.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Can Almost See It»J.D. Souther3:50
2.«Love Has No Pride»Eric Kaz, Libby Titus4:10
3.«Silver Threads and Golden Needles»Dick Reynolds, Jack Rhodes2:28
4.«Desperado»Don Henley, Glenn Frey3:30
5.«Don't Cry Now»J.D. Souther4:28
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sail Away»Randy Newman3:05
2.«Colorado»Rick Roberts4:18
3.«The Fast One»J.D. Souther3:40
4.«Everybody Loves a Winner»Bill Williams, Booker T. Jones, William Bell3:15
5.«I Believe in You»Neil Young2:50
Total lengd:35:34

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 46
USA (Billboard 200) 45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget:[11]

  • Linda Ronstadt – solovokal, tamburin (3), korvokal (5, 8, 9)
  • Spooner Oldham – akustisk piano (1, 4, 5)
  • John Boylan – elektrisk piano (2)
  • Craig Doerge – akustisk piano (6, 10)
  • J.D. Souther – akustisk gitar (1, 8), bass (1), elektrisk gitar (4), korvokal (8)
  • Jerry McGee – elektrisk gitar (1)
  • Sneaky Pete Kleinowsteelgitar (1, 2, 6, 7)
  • Richard Bowden – elektrisk gitar (2, 3, 7, 9, 10)
  • Andy Johnson – elektrisk gitar (2)
  • Herb Pedersen – akustisk gitar (3), korvokal (3, 9)
  • Ed Black – steelgitar (3, 8, 10), elektrisk gitar (7)
  • Larry Carlton – elektrisk gitar (5, 6)
  • Buddy Emmons – pedalsteelgitar (5)
  • Rick Roberts – akustisk gitar (7)
  • Glenn Frey – elektrisk gitar (8), steelgitar (9)
  • Mike Bowden – bassgitar (2, 3, 7, 9)
  • Chris Ethridge – bassgitar (4, 5, 8)
  • Leland Sklar – bassgitar (6, 10)
  • Dennis St. John – trommer (1, 4, 5, 8)
  • Mickey McGee – trommer (2, 3, 7, 9)
  • Russ Kunkel – trommer (6, 10)
  • Jimmie Fadden – munnspel (1)
  • Gib Guilbeau – fele (3)
  • Jim Gordon – saksofon (4, 9)
  • Nino Tempo – saksofon (4, 9)
  • Gail Martin – trombone (4, 9)
  • McKinley Johnson – trompet (4, 9)
  • Darrell Leonard – trompet (4, 9)
  • Jim Ed Norman – blåsearrangement (4, 9), strykearrangement (4)
  • Jimmie Haskell – strykearrangement (2, 7, 10)
  • Sid Sharp – concertmaster (2, 4, 7, 10)
  • Ginger Holladay – korvokal (1, 2, 7)
  • Mary Holliday – korvokal (1, 2, 7)
  • Clydie King – korvokal (4, 6, 10)
  • Sherlie Matthews – korvokal (4, 6, 10)
  • Marti McCall – korvokal (4, 6, 10)
  • Wendy Waldman – korvokal (5)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • J.D. Souther – produsent, remiksing
  • John Boylan – medprodusent (2, 3, 7, 9)
  • Peter Asher – medprodusent (6, 10)
  • Peter Granet – lydteknikar
  • John Haeny – lydteknikar
  • Ric Tarantini – lydteknikar
  • Al Schmitt – remiksing
  • Terry Dunavan – mastering i Elektra Sound Recorders (Los Angeles, California).
  • Shawn R. Britton – mastering på halv snøggleik
  • Edmund Meitner – teknisk støtte
  • Tim de Paravicini – teknisk støtte
  • Glenn Ross – design
  • Cathy Seeter – design
  • Ed Caraeff – foto
  • Terry Wright – fotografi på omslaget


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Don't Cry Now» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2020.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Moore, Mary Ellen (1978). The Linda Ronstadt Scrapbook: An Illustrated Biography. New York: Grosset & Dunlap. s. 61. ISBN 0-441-48411-5. 
  2. Allmusic review
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  4. «Don't Cry Now». 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. 
  6. «Linda Ronstadt Top Pop Albums». Ronstadt-linda.com. 15. juli 1946. Henta 29. november 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Linda Ronstadt in den Charts / Linda Ronstadt in the charts». Lindaronstadt.de. 13. august 2011. Arkivert frå originalen 2012-02-05. Henta 29. november 2020. 
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 23. mars 1974. Henta 29. november 2020. 
  9. «Linda Ronstadt Top Country Singles». Ronstadt-linda.com. Henta 29. november 2020. 
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. Don't Cry Now (booklet). Asylum. 1973.