Don't Ever Change

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Don't Ever Change» er ein popsong skriven i 1961 av Gerry Goffin og Carole King. Han er ein av dei mindre kjende songane deira, sjølv om ein versjon av The Crickets nådde topp 5 i Storbritannia. The Beatles spelte songen på BBC-showet Pop Go the Beatles, som vart gjeven ut i 1994 på samlinga Live at the BBC. Denne vart innspelt 1. august 1963, og vart først sendt 27. august 1963, produsert av Terry Henebery med ein sjeldan harmoniduett mellom Paul McCartney og George Harrison.[1] Songen vart òg spelt inn av Brinsley Schwarz på deira Please Don't Ever Change i 1973, av Bryan FerryThese Foolish Things og av Mud i 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Don't Ever Change | The Beatles Bible