Don't Stop Believin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Stop Believin'
Singel av Journey
frå albumet Escape
B-side Natural Thing
Utgjeve Oktober 1981
Innspelt 1981
Studio Fantasy Studios, Berkeley, California
Sjanger Rock
Lengd 4:11
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Steve Perry, Jonathan Cain, Neal Schon
Produsent Kevin Elson, Mike «Clay» Stone
Journey-kronologi
«Who's Crying Now»
(1981)
Don't Stop Believin' «Open Arms»
(1982)


«Don't Stop Believin'» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey frå det sjuande albumet deira, Escape (1981). Songen vart gjeven ut som den andre singelen deira frå albumet og nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 seint i 1981. I Storbritannia gjekk ikkje songen opphavleg inn på singellista, men songen nådde sjetteplassen på lista så seint som i 2010.

Mike DeGagne i AllMusic har skildra «Don't Stop Believin'» som «ein perfekt rockesong»[1] og ein «anthem», med «eit av dei beste opnings-klaverriffa i rocken.»[2] Songen er det bestseljande digitale sporet frå 1900-talet med over sju millionar selde eksemplar i USA.[3][4]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

I 2007 fekk songen mykje presseomtale og vart raskt populær att då han vart nytta i den siste scenen i HBO-serien The Sopranos. Steve Perry var i starten nølande til å la songen bli brukt i The Sopranos, men vart til slutt overtalt.[5] Den digitale nedlastinga av songen eksploderte etter episoden var blitt vist og motiverte bandet til å halde fram å leite etter ein erstattar for Steve Perry, som hadde slutta som songar i bandet.[6][7]

Songen vart òg populær etter at han vart nytta som avslutningssnummer i Rock of Ages, ein jukeboks-musikal med hittar frå 1980-åra. Showet gjekk på Broadway frå 2009 til 2015, og kom i 2012 med i ein film med Tom Cruise.[8]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Songen nådde åttandeplassen på Billboard Mainstream Rock-lista, og niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. Han har selt over ein million eksemplar på vinyl.[9] Det er den bestseljande digitale songen opphavleg gjeven ut på 1900-talet,[10] og var den 72. mest nedlasta songen i 2008, og den 84. mest nedlasta i 2009, over 27 år etter songen kom ut.[11] Det var òg ei stund den bestseljande rockeosngen i digital historie før han vart passert av Imagine Dragons sin «Radioactive» i januar 2014.[9] I juli 2017 hadde songen passert 7 millionar betalte digitale nedlastingar i USA.[3]

«Don't Stop Believin'» har gått inn på lister verda over i nyare år. I Irland vore heilt oppe på fjerdeplassen, i Sverige 25. plassen, og i Nederland 50. plass.

Powerballaden[12] er framleis ein av dei mest populære rockesongane i Irland og er ofte å sjå på topp 10-lista over dei mest nedlasta songane der.[13]

I Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut i Storbritannia i desember 1981[14] og nådde då berre 62. plassen på singellista. «Don't Stop Believin'» vart aldri gjeven ut på ny i Storbritannia, men hadde sine fans og gjekk inn att på UK Singles Chart i februar 2009 på 94. plassen å¨grunn av digital nedlasting. Den 1. november 2009, etter songen var blitt framført på britisk X-faktor, gjekk «Don't Stop Believin'» inn på 52. plassen på lista og steig til 19. plassen to veker seinare. Songen låg på lista i tre veker. Den 20. desember dette året gjekk «Don't Stop Believin'» heilt opp til niandeplassen på lista etter songen vart framført igjen på The X Factor. Songen var på topp 10 i nye sju veker i 2010 og nådde sjetteplassen som høgaste plassering.

Tidleg i 2010 vart det annonsert at songen var den 65. bestseljande singelen i 2009, nesten tretti år etter han kom ut. «Don't Stop Believin'» har vore totalt 21 veker inne på topp 40 frå november 2009 til april 2010. «Don't Stop Believin'» var den 25. bestseljande songen i 2010 med over 435 000 selde eksemplar. Han gjekk inn att på lista i 2011, 2012 og 2013 og fram til 2016 hadde songen lagt i alt 95 veker inne på topp 100.[15]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981–1982) Plassering
Australia (Kent Music Report)[16] 100
Canada Top Singles (RPM)[17] 9
Nederland (Mega Single Top 100)[18] 50
UK Singles (Official Charts Company)[19] 62
US Billboard Hot 100[20] 9
US Mainstream Rock (Billboard)[21] 8
Liste (2007) Plassering
Irland (IRMA)[22] 4
UK Singles (Official Charts Company)[23] 97
Liste (2008) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[24] 93
Liste (2009) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[25] 71
Liste (2010) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[18] 68
Sverige (Sverigetopplistan)[26] 25
UK Singles (Official Charts Company)[27] 6
Liste (2011) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[28] 74
Liste (2012) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[29] 88
Liste (2013) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[30] 70
UK Singles (Official Charts Company)[31] 44
Liste (2015) Plassering
Sverige (Sverigetopplistan)[26] 96
Liste (2017) Plassering
Sverige (Sverigetopplistan)[26] 79
Liste (2018) Plassering
Sverige (Sverigetopplistan)[26] 97

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
US Cashbox Top 100[32] 58
Årsliste (1982) Plassering
US Top Pop Singles (Billboard)[33] 73
Liste (2009) Plassering
UK Singles Chart[34] 65
Liste (2010) Plassering
European Hot 100 Singles[35] 67
UK Singles (Official Charts Company)[36] 24

Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (2010–2019) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[37] 87

Gjennom alle tider[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981–2013) Plassering
Den svenske singellista[38] 78
UK Download Chart[39] 12

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Mexico (AMPROFON)[40] Gull 30 000^
Storbritannia (BPI)[41] 3× Platina 1 800 000^
USA (RIAA)[42] Gull (fysisk)
Platinum (MT)
5× Platinum (digital)
1 000 000 (fysisk)[43]
1 000 000 (ringetonar)
7 000 000 (digital)[3]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Glee Cast-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Don't Stop Believin'
Singel av Glee cast
frå albumet Glee: The Music, Volume 1
Utgjeve 19. mai 2009
Innspelt 2009
Sjanger Pop
Lengd 3:50
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Steve Perry, Jonathan Cain, Neal Schon
Produsent Ryan Murphy, Adam Anders
Glee cast-kronologi
Don't Stop Believin' «Rehab»
(2009)


«Don't Stop Believin'» vart spelt inn av rollebesetninga i den amerikanske fjernsynsserien Glee. Han vart framført, anten heile songen eller delvis, i seks episodar i serien, frå den første til den 120. (nest siste) episoden. Songen vart framført nær slutten av den aller første episoden i mai 2009.[44] Songen vart den første singelen som kom ut frå albumet til serien, Glee: The Music, Volume 1, og var basert på Petra Haden sin versjon.[45]

Singelen gjorde det godt i 2009 og gjekk inn på salslistene i USA, Irland, Storbritannia og Australia. I oktober 2009 hadde songen fått gullplate og i mars 2011 platinaplate for 1 million digitale sal.[46] Det vart òg platinaplate i Australia.[47] Det er den mest populære songen i historia til serien med nesten 1,5 millionar eksemplar selt i USA aleine.[48]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister
Liste (2009–2011) Plassering
Australia (ARIA)[49] 5
Australia Hitseekers (ARIA)[50] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[51] 68
Canada (Canadian Hot 100)[52] 37
Frankrike (SNEP)[53] 48
Tyskland (Media Control AG)[54] 50
Irland (IRMA)[55] 4
Italia (FIMI)[56] 46
Japan Adult Contemporary Airplay (Billboard)[57] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[58] 91
New Zealand (RIANZ)[59] 16
Portugal Digital Songs (Billboard)[60] 9
Skottland (Official Charts Company)[61] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[62] 74
UK Singles (Official Charts Company)[63] 2
US Billboard Hot 100[64] 4
US Pop 100 (Billboard)[65] 18
Årslister
Liste (2010) Plassering
European Hot 100 Singles[66] 82
UK Singles (The Official Charts Company)[36] 22

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[67] Platina 70 000^
Storbritannia (BPI)[68] Platina 600 000^
USA (RIAA)[69] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Escape. AllMusic.
  2. Don't Stop Believin'Allmusic
  3. 3,0 3,1 3,2 Grein, Paul (10. juli 2017). «Chart Watch: Why Is This Week's Top-Selling Album Way Down at No. 8?». Yahoo Music. 
  4. «Journey's «Don't Stop Believin'» turns 30». Henta 31. mai 2020. 
  5. «Free Services for PR :: News :: Press Releases». pr-inside.com. Arkivert frå originalen 8. mars 2008. 
  6. «Journey song achieves digital landmark». theguardian.com. 11. november 2008. Henta 31. mai 2020. 
  7. «Journey Members Reflect on Importance of 'Sopranos' and 'Glee,' Talk PBS Doc». The Hollywood Reporter. 6. august 2013. Henta 31. mai 2020. 
  8. Songfacts. «Don't Stop Believin' by Journey - Songfacts». www.songfacts.com (på engelsk). Henta 31. mai 2020. 
  9. 9,0 9,1 Paul Grein (2. januar 2014). «Can You Believe «Don't Stop Believin'» Loses Spot as Best-Selling Rock Song?». Chart Watch (Yahoo). 
  10. Legacy Recordings. «Legacy». Sony Legacy. Arkivert frå originalen 13. november 2008. 
  11. Paul Grein. «Week Ending Aug. 23, 2009: Over 50 And Still on Top». Yahoo Chart Watch. Arkivert frå originalen 18. september 2009. 
  12. «The 21 best power ballads». 
  13. The song was used by Waterford people to support the Waterford hurling team in a bid to win the All Ireland title in 2008.iTunes 2008: Top Overall Songs
  14. Strong, M. C. (1995). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books Ltd. s. 443. ISBN 0-86241-385-0. 
  15. «Journey». Official Charts Company. Henta 5. januar 2016. 
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. Canada Top Singles peak RPM Magazine
  18. 18,0 18,1 "Dutchcharts.nl – Journey – Don't Stop Believing" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  19. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  20. "Journey Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Journey. Prometheus Global Media.
  21. "Journey – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for Journey.
  22. "The Irish Charts – Search Results – Don't Stop Believin'". Irish Singles Chart.
  23. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  24. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  25. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 "Swedishcharts.com – Journey – Don't Stop Believing". Topp 60. Hung Medien. Henta 31. mai 2020.
  27. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  28. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  29. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  30. "Journey – Don't Stop Believing – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  31. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  32. [1] Arkivert 18. september 2012 ved Wayback Machine.
  33. «Talent in Action : Top Pop Singles». Billboard 94 (51): TIA-20. 25. desember 1982. 
  34. «Charts Plus Year end 2009» (PDF). Charts Plus. Henta 19. juli 2010. 
  35. European Hot 100. Billboard.
  36. 36,0 36,1 «2010 Year-end UK Singles». BBC (BBC Online). 26. desember 2010. Henta 26. desember 2010. 
  37. Copsey, Rob (11. desember 2019). «The UK's Official Top 100 biggest songs of the decade». Official Charts Company. Henta 12. desember 2019. 
  38. «BEST OF ALL TIME - SINGLES». swedishcharts.com. Henta 7. september 2015. 
  39. «Top 100 Downloads of All Time». BBC. 2. januar 2011. Henta 11. oktober 2011. 
  40. «Certificaciones – 2014» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. 
  41. «British single salstrofé – Journey – Don_t Stop Believin_». British Phonographic Industry.  Enter Don_t Stop Believin_ in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  42. «American single salstrofé – Journey – Don_t Stop Believin_». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  43. Grein, Paul (26. mars 2014). «Chart Watch: Two Movie Songs In Top 5». Yahoo Music. Henta 30. mars 2014. 
  44. «Pilot». 20th Century Fox. fox.com. Arkivert frå originalen 4. juni 2013. Henta 7. juni 2013. 
  45. «Glee Cast Glee: The Music, Volume 1 Review». BBC. 31. mai 2020. Henta 31. mai 2020. 
  46. «RIAA Gold & Platinum». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 25. februar 2013. Henta 15. juli 2011. 
  47. «ARIA Charts - Accreditations - 2010 Singles». Australian Recording Industry Association. 30. juni 2010. Arkivert frå originalen 27. desember 2011. Henta 31. mai 2020. 
  48. «'Glee' Cast's 10 Best-Selling Downloads». Billboard. Prometheus Global Media. 31. mai 2020. Henta 31. mai 2020. 
  49. "Australian-charts.com – Glee Cast – Don't Stop Believin'". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  50. «ARIA Report: Issue 1041» (PDF). ARIA. Henta 11. august 2009. 
  51. "Glee Cast – Don't Stop Believin' – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 28. januar 2011.
  52. "Glee Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for Glee. Prometheus Global Media.
  53. «Classement officiel des ventes de singles & titres en France du 28 mars au 03 avril 2011». SNEP (på fransk). SNEP. 8. april 2011. Henta 4. april 2011. 
  54. "Glee Cast - Don't Stop Believin'". Charts.de. Media Control. Henta 2. mars 2020.
  55. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  56. «Fimi Charts». FIMI (på italiensk). FIMI. 4. februar 2017. Henta 4. februar 2017. 
  57. «Adult Contemporary Airplay». Billboard—Japan. Prometheus Global Media. 24. januar 2011. Henta 24. november 2013. 
  58. "Dutchcharts.nl – Glee Cast – Don't Stop Believin'" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. januar 2011.
  59. "Charts.org.nz – Glee Cast – Don't Stop Believin'". Top 40 Singles. Hung Medien.
  60. «Chart Search - Billboard». Billboard. Henta 4. september 2018. 
  61. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 24. januar 2010.
  62. "Glee Cast – Don't Stop Believin' – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 28. januar 2011.
  63. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. januar 2010.
  64. "Glee Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Glee. Prometheus Global Media.
  65. «Glee > Charts & Awards > Billboard Singles». AllMusic. Henta 17. juli 2010. 
  66. «European Hot 100». Billboard.com. 31. desember 2010. Henta 5. januar 2012. 
  67. «ARIA Charts – Accreditations – 2010 Singles». Australian Recording Industry Association. 
  68. «British single salstrofé – Glee Cast – Don't Stop Believin'». British Phonographic Industry.  Enter Don't Stop Believin' in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  69. «American single salstrofé – Glee Cast – Don't Stop Believin'». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH