Don't Leave Me Now
| Don't Leave Me Now Song av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 30. november 1979 | |
| Innspelt | April-november 1979 | |
| Sjanger | Progressiv rock | |
| Lengd | 4:16 | |
| Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
| Komponist | Roger Waters | |
| Tekstforfattar | Roger Waters | |
| Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
|---|---|---|
| Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Don't Leave Me Now er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Songen er delt inn i to hovuddelar. Den første delen er dempa og roleg, med ein ganske kynisk tekst. Den andre delen inneheld ei langvarig og kjenslemessig bøn, og er ikkje så dempa og roleg.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]Som dei andre songane på The Wall fortel «Don’t Leave Me Now» historia om hovudrolla Pink. I denne songen prøver Pink å takle utruskapen til kona si, men feilar. Han legg skulda på ho for at han har det vondt.
Filmversjon
[endre | endre wikiteksten]Pink ligg i symjebassenget sitt og kuttet frå handa hans fyller det med blod. Han ser kona si ha eit forhold. Ein kan så sjå han i eit avlangt, firkanta hotellrom der skuggen til kona dukkar opp på veggen, men skuggen vert gradvis forvandla til ein gigantisk knelar som jagar Pink rundt i rommet.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Roger Waters – EMS VCS 3 synthesizer, vokal
- David Gilmour – gitar, bassgitar, korvokal, pusting
- Richard Wright – basspedal, orgel, piano, Prophet-5 synthesizer
- Nick Mason – trommer
Personell per Fitch og Mahon.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- ↑ Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 87.