Don't ask, don't tell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Don’t Ask, Don’t Tell» vart innført i 1993 av president Bill Clinton som eit kompromissforslag etter å ha lova å tillate homofile og bifile å tjenestegjere i det amerikanske forsvaret.

«Don't ask, don't tell» (norsk 'ikkje spør, ikkje fortell') er den vanlege nemninga på ein amerikansk militær forskrift som var i kraft frå 1993 til 2010 og gjennomførte Public Law 103–160, kodifisert i 10 U.S.C. Sec. 654. Forskrifta la ned forbod mot å diskriminera og krenka homofile og bifile personar i det amerikanske militæret som heldt legninga si skjult, samtidig som forskrifta forbaud opent homofile og biseksuelle personar å vera tenestemenn. Nærare bestemt forbaud forskrifta personar som «utviser en tendens til eller intensjon om å delta i homoseksuelle handlinger» frå å tenestegjere, med grunngjevinga om at deira tilstadevere «ville utgjøre en uakseptabel risiko mot den høye moralske standard, gode orden og disiplin og samhold i avdelingene som er essensiell for militær evne».[1] Forskrifta var kontroversiell og møtte motstand både frå forkjemparar for homofile og bifile sine rettar og grupperingar som ynskte å føra vidare det tidlegare totalforbodet mot homofile og bifile i forsvaret.[2] «Don’t Ask, Don’t Tell» vart oppheva 20. september 2011, og sidan har opent homofile og bifile personar kunna tenestegjere i det amerikanske forsvaret.[3]

Innføring og oppheving[endre | endre wikiteksten]

Forskrifta vart innført som eit kompromiss i 1993 av president Bill Clinton, som hadde lova å tillate alle borgarar uansett seksuell orientering å tenestegjere i militæret – eit brot med det gjeldande totalforbodet mot alle som ikkje var heteroseksuelle.[4] Forskrifta vart utarbeida av blant anna Colin Powell.[5] Ho vart underteikna 30. november 1993 og vart oppretthalden av Clinton sin etterfølgjar, George W. Bush. Under presidentvalkampen i 2008 gjekk demokratane sin presidentkandidat Barack Obama inn for å fjerne forskrifta heilt og la opent homofile og bifile tenestegjere i forsvaret fritt.[6] Obama blei vald til president, men det fyrste forsøket på å fjerne forskrifta vart stansa i Senatet i september 2010, etter ein filibuster leia av republikanske John McCain.[7] Eit nytt forslag vart fremma i desember same år og vedtatt i representanthuset med 250 mot 175 stemmer og i Senatet med 65 stemmer mot 31 stemmer.[8] President Obama underteikna opphevinga 22. desember 2010,[9] og ho tredde i kraft 20. september 2011.[3]

President Barack Obama underteikna opphevinga av «Don’t Ask, Don’t Tell» den 20. desember 2010.

Den norsk-amerikanske obersten Margarethe Cammermeyer måtte gå på grunn av si legning, men fekk tilbake stillinga fordi forskrifta ennå ikkje var tredd i kraft då ho vart dimittert i 1992.[10]

Harvey Milk var ein av tenestemennene i den amerikanske marinen som vart råka av forbudet mot homofile og bifile i det amerikanske militæret før «don't ask, don't tell» tredde i kraft. Milk tenestegjorde som løytnant i den amerikanske marinen under Koreakrigen om bord på ubåtredningsskipet USS «Kittiwake» (ASR-13).[11] Han trakk seg fra marinen i 1955 med det som vert kalla «avskjed i unåde».[12] Milk trakk seg for å ikkje bli stilt for krigsrett som open homofil.[13] I 2021 oppkalla den amerikanske marinen skipet USNS «Harvey Milk» (T-A0-206) etter Milk, for å heidre han.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «10 U.S. Code § 654 - Repealed. Pub. L. 111–321, § 2(f)(1)(A), Dec. 22, 2010, 124 Stat. 3516]». LII / Legal Information Institute (på engelsk). Henta 26. august 2018. 
  2. «Don't Ask, Don't Tell | United States policy». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 26. august 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Obama certifies end of military's gay ban». MSNBC (på engelsk). 22. juli 2011. Henta 26. august 2018. 
  4. Shanker, Thom (20. november 2007). «A New Push to Roll Back ‘Don’t Ask, Don’t Tell’». The New York Times (på engelsk). Henta 26. august 2018. 
  5. «Bush on Gay Rights Issues». ABC News (på engelsk). 6. januar 2006. Henta 26. august 2018. 
  6. «Obama: Repeal of 'don't ask, don't tell' possible». MSNBC (på engelsk). 10. april 2008. Henta 26. august 2018. 
  7. «Senate halts 'don't ask, don't tell' repeal - CNN.com». CNN (på engelsk). 22. september 2010. Henta 26. august 2018. 
  8. Hulse, Carl (18. desember 2010). «Senate Repeals Ban on Gays Serving Openly in Military». The New York Times (på engelsk). Henta 26. august 2018. 
  9. Stolberg, Sheryl Gay (22. desember 2010). «Obama Signs Away ‘Don’t Ask, Don’t Tell’». The New York Times (på engelsk). Henta 26. august 2018. 
  10. Arntzen, Jon Gunnar (29. september 2014). «Margarethe Cammermeyer». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 26. august 2018. 
  11. «Navy to Name Ship After Gay Rights Activist Harvey Milk». USNI News (på engelsk). 28. juli 2016. Henta 10. april 2022. 
  12. «Naval records indicate SF library's Milk discharge paperwork a fake». Bay Area Reporter (på engelsk). Henta 10. april 2022. 
  13. Shivaram, Deepa (7. november 2021). «The U.S. Navy has christened a ship named after slain gay rights leader Harvey Milk». NPR (på engelsk). Henta 10. april 2022. 
  14. Elster, Kristian (8. november 2021). «USAs marine kaller opp skip etter homoaktivist». NRK (på norsk bokmål). Henta 10. april 2022.