Don Bagley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don Bagley
Fødd18. juli 1927(1927-07-18)
FødestadSalt Lake City i Utah i USA
Død26. juli 2012 (85 år)
DødsstadNorthridge
FødenamnDonald Neff Bagley
OpphavUSA
Aktiv1945–1984
SjangerJazz
InstrumentKontrabass
PlateselskapSavoy Records
Verka somMusikar

Donald Neff Bagley (18. juli 192726. juli 2012) var ein USA-amerikansk jazz-bassist.

Bagley tok timar i kontrabass. Han studerte i Los Angeles og spelte i 1945 med Shorty Sherock og Wingy Manone, og i 1948 med Dick Pierce. Frå 1950 til 1953 og sporadisk etter det, spelte Bagley med Stan Kenton. I tida med Kenton vart «A Study for Bass» av Bill Russo og «Bags» av Bill Holman skrivne for Bagley. Frå 1954 fronta han sine eigne ensemble. Mellom 1950 og 1952 arbeidde han mykje som studiomusikar med Nat King Cole, Maynard Ferguson og Dexter Gordon. I midten av 1950-åra spelte han i Europa med Zoot Sims, Lars Gullin, Frank Rosolino og Ake Persson. Mellom 1956 og 1967 arbeidde han igjen med Kenton og med Les Brown. Mot slutten av 1950-åra he spelte han òg med Jimmie Rowles, Shelly Manne og Phil Woods. I 1957 og 1958 spelte han inn tre album under sitt eige namn. I 1959 spelte han med Pete Fountain. I 1961 var han i studio med Ben Webster. I 1964 spelte han i Japan med Julie London. I 1970- og 1980-åra komponerte og arrangerte Bagley musikk for film og fjernsyn. Mellom 1976 og 1984 arbeidde han med Burt Bacharach.[1]

Bagley døydde 26. juli 2012, 85 år gammal.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Stan Kenton

Med Lee Konitz

Med Shorty Rogers

Med Pete Rugolo

Med Ben Webster

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Don Bagley at Allmusic
  2. «Donald Bagley, Obituary». Los Angeles Times. 29. juli 2012. Henta 23. januar 2021.