Hopp til innhald

Don Finlay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don Finlay


StatsborgarskapStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd27. mai 1909
Christchurch i Dorset
Død 19. april 1970 (60 år)
Great Missenden
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1936, Sommar-OL 1932
Utmerkingar Distinguished Flying Cross, Air Force Cross

Donald Osborne Finlay (27. mai 190919. april 1970) var ein britisk friidrettsutøvar og flyoffiser i Royal Air Force. Han vart i 1938 europameister på 110 meter hekk.

Finlay deltok Sommar-OL 1932 i Los Angeles, og vann bronsemedaljen på 110 meter hekk. Fire år seinare kneip han sølvmedaljen på korthekken ved dei olympiske leikane i Berlin, to tidels sekund bakom Forrest Towns frå USA.

Under EM i friidrett 1938 i Paris sette Finlay europarekord med tida 14,3 sekund, og viste det svenske håpet Håkan Lidman til sølvplass.   Finlay avla OL-eiden då Sommar-OL 1948 fann stad i London. Her vart han utslått i forsøket på 110 meter hekk, etter å ha snubla i siste hekken.