Don Juan's Reckless Daughter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don Juan's Reckless Daughter
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve Desember 1977
Innspelt 1977
A&M Studios, Hollywood; orkester spelt inn i Columbia Studio C, New York; ytterlegare opptak frå Basing Street Studio, London
Sjanger Folkrock, folkjazz, jazzfusion, verdsmusikk
Lengd 59:38
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Hejira
(1976)
Don Juan's Reckless Daughter Mingus
(1979)


Don Juan's Reckless Daughter er eit dobbeltalbum frå 1977 av Joni Mitchell. Albumet har ein eksperimentell stil der Mitchell utforska jazzfusion frå Hejira vidare. Mitchell har sagt at sidan ho var nær slutten av kontrakten med Asylum Records, let ho dette albumet ha ein lausare stil enn noko ho tidlegare hadde gjort.[1]

Don Juan's Reckless Daughter kom ut i desember 1977 til blanda kritikk, men klarte å nå 25. plass på den amerikanske albumlista og selde til gullplate etter tre månader.

Mykje av albumet er eksperimentelt, men særleg «Overture», der seks gitarar spelar samstundes. «The Tenth World» er ein lang instrumental med latinsk perkusjon, og «Dreamland» inneheld berre perkusjon og vokal (mellom anna av Chaka Khan).

Den mest eksperimentelle av alle er «Paprika Plains», ein 16 minuttar lang song improvisert på piano og arrangert med fullt orkester. Denne tar opp heile side to.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell; bortsett frå «The Tenth World» av Joni Mitchell, Don Alias, Manolo Badrena, Alejandro Acuña, Airto og Jaco Pastorius. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Overture/Cotton Avenue»   06:41
2. «Talk to Me»   03:45
3. «Jericho»   03:22
Side to
# Tittel Lengd
4. «Paprika Plains»   16:21
Side tre
# Tittel Lengd
5. «Otis and Marlena»   04:09
6. «The Tenth World»   06:45
7. «Dreamland»   04:38
Side fire
# Tittel Lengd
8. «Don Juan's Reckless Daughter»   06:36
9. «Off Night Backstreet»   03:20
10. «The Silky Veils of Ardor»   04:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Mange kjende jazzmusikarar spelte på Don Juan's Reckless Daughter, mellom anna medlemmer av Weather Report, Jaco Pastorius og Wayne Shorter.

  • Joni Mitchell - gitar og vokal, piano og korvokal på «Paprika Plains»
  • Alejandro Acuña - congatrommer/kubjølle og korvokal på «The Tenth World», shaker på «Dreamland», ankelbjøller på «Don Juan's Reckless Daughter»
  • Airto - surdo på «The Tenth World» og «Dreamland»
  • Don Alias - bongo på «Jericho», congotrommer/claves og korvokal på «The Tenth World», skarptromme og sandpapirblokker på «Dreamland», shaker på «Don Juan's Reckless Daughter»
  • Manolo Badrena - congatrommer/kaffiboksar og solovokal på «The Tenth World», congatrommer på «Dreamland», tilskriven «in spirit» på «Don Juan's Reckless Daughter»
  • Larry Carlton - elektrisk gitar på «Otis And Marlena»
  • Michel Colombier - piano på «Otis And Marlena»
  • Glenn Frey - korvokal på «Off Night Backstreet»
  • Michael Gibbs - dirigent på «Paprika Plains» og «Off Night Backstreet»
  • John Guerin - trommer
  • Chaka Khan - korvokal på «The Tenth World» og «Dreamland»
  • Jaco Pastorius - bass, bongotrommer på «The Tenth World», kubjøller på «Dreamland»
  • Wayne Shorter - sopransaksofon på «Jericho» og «Paprika Plains»
  • J.D. Souther - korvokal på «Off Night Backstreet»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joni Mitchell Biography from jonimitchell.com Henta 21. januar 2011