Don i South Yorkshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don
elv
Land  England
Lengd 110 km
Kjelde Penninane
Munning Trent/Ouse
Kart
Don i South Yorkshire
53°31′8″ N 1°45′43″ W
Wikimedia Commons: River Don, South Yorkshire

Don (òg kalla Dun på einskilde strekningar) er ei elv i South Yorkshire i England. Ho er ei sideelv til Ouse, og er 112 km lang.

Don har utspringet sitt i Penninane og renn mot aust gjennom Dondale, via byane Penistone, Sheffield, Rotherham, Mexborough, Conisbrough, Doncaster og Stainforth. Ho munna opphavleg ut i elva Trent, men vart på 1600-talet kanalisert og ført lengre nord, og munnar no ut i elva Ouse ved Goole i Yorkshire.

Dei viktigaste sideelvane til Don er Loxley, Rivelin, Sheaf, Rother og Dearne.

Den industrielle naturen til regionen har medført alvorlege forureiningsproblem for elva. Endå har desse problema minka dei seinaste åra, og det er rapportert fangst av laks i elva ved Doncaster.

Namnet Don er avleidd frå Danu (eller Dôn), ei keltisk morsgudinne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Don ved Oughtibridge.