Donald Duck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Donald Duck er ein teikneseriefigur som første gong vart bruka i Disney-filmen The wise little hen (Den vesle kloke høna), som kom 9. juni 1934. Han spelar hovudrolla i Donald Duck & Co, som har kome ut sidan 1948 og er det mest selde teikneseriebladet i Noreg.

På 40-talet gjorde Carl Barks Donald om frå ein stor hissigpropp utan sjølvstendig tenkjesett, til ei and med familie, kvardagsproblem og eventyrlyst. I Barks sine seriar, som dei fleste nyare forteljarar grunnar på, bur Donald i Andeby saman med sine tre nevøar Ole, Dole og Doffen Duck. Donald er sjølv nevø av Skrue McDuck, den rikaste mannen i Andeby og moglegvis i heile verda. Donald er kjærast med Dolly Duck, men må heile tida kjempa for å behalda ho mot sin eigen griseheldige fetter Anton Duck (òg kjend som Anton Antonsen).

Donald på andre språk[endre | endre wikiteksten]

Donald Duck på Hollywood Walk of Fame

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]