Donald-topp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Donald i Skottland)

Ein donald er ein topp i det skotske låglandet som er over 2000 fot over havet, tilsvarande 609,6 meter over havet og har ein primærfaktor på minst 30 m (98 fot). Toppar med primærfaktor på mellom 15 og 30 m vert rekna med dersom dei har stor topografisk prominens, det vil seie avstand til høgare toppar.

Namnet kjem frå Percy Donald, som laga lista over toppane. Lista vert vedlikehalden av Scottish Mountaineering Club.

Det er 89 donald-toppar, der mange òg går inn under definisjonen corbett eller graham.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]