Donatella Versace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Donatella Versace
Donatella Versace Time Shankbone 2010.jpg
Fødd 2. mai 1955
Reggio di Calabria
Yrke designar, forretningsdrivande, moteskaper
Donatella Versace på Commons

Donnatella Versace (fødd 2. mai 1955 i Reggio di Calabria i Italia) er ein italiensk motedesignar. Ho driv moteselskapet Versace, som opphavleg vart starta av broren hennar Gianni Versace.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Donatella vart fødd i den italienske byen Reggio di Calabria. Ho er den yngste av tre barn. Seinare følgde ho broren sin med Knitwear design i Firenze. Gjennom nærleiken til bedriftene til broren vart Donatella ein part av moteindustrien. På 1980-talet gav Gianni Versace ut ein parfyme dedisert til systera, kalla blonde, og gav henne sin eigen linje i selskapet kalla Versus.

Versace[endre | endre wikiteksten]

Donatella er kjend for å bruke kjendisar til å marknadsføra kleda sine i staden for ukjente modellar. Donatella viste seg snart å vera ein PR-gigant innan Versace og vart snart kjent over heile Europa. Den 15. juli 1997 i Miami vart Gianni skoten og drepen. Familien vart deretter flytta til ein løynd resort i Karibia.

Det vart heldt gravferd og minnestund for Gianni. Eitt år og tre dagar etter bortgangen til broren hadde Donatella si første motevising for Versace på hotel Ritz i Paris. Denne og dei komande vart suksessar og Donatella vart verdskjent.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]