Donauåsane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Donauåsane dekkjer ein stor del av det vestlege Slovakia

Donauåsane (slovakisk Podunajská pahorkatina) eller Det donauske høglandet er det nordaustlege, meir kuperte delen av Det donauske låglandet i Slovakia.

Dei ligg mellom Donausletta og Donau i sør, Vesle Karpatane i vest og Dei vestlege Karpatane i nord og aust. Grensa mot Donausletta gå om lag langs linja BratislavaSenecSereďNové ZámkyPatince.

Området har varierte bergartar (leire, grus, sand), som er dekt av sediment (løss) og særs frodig jord frå kvartærtida.

Dei største byane i området er Trnava, Topoľčany, Nitra, Levice, Dudince og Štúrovo. Elvane Váh, Nitra, Žitava, Hron og Ipeľ renn gjennom åsane. Det finst fleire verna område i Donauåsane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°15′N 18°15′E