Donausvingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Donausvingen ved Visegrád

Donausvingen er ein stor sving i elva Donau i Ungarn. Donau renn hovudsakleg frå vest mot aust gjennom Tyskland, Austerrike og langs grensa mellom Slovakia og Ungarn. Like nord for Budapest, ved Visegrád, vert ho derimot bøygd av sørover av Dei nordungarske mellomfjella og renn frå her rett sørover, gjennom Budapest og deler Ungarn i to. Ho renn så ut av Ungarn og langs grensa mellom Kroatia og Serbia, før ho snur austover igjen og gjennom Serbia.