Donegal Bay

Koordinatar: 54°40′N 9°04′W / 54.667°N 9.067°W / 54.667; -9.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Donegal Bay (Bá Dhún na nGallirsk) er ei bukt nordvest på Irland. Tre grevskapDonegal i nord og vest, Leitrim og Sligo i sør – har kystlinje mot bukta som grensar til Atlanterhavet i vest. Byen Donegal og elva Eske ligg inst i bukta.

Donegal Bay er den største bukta på Irland og her finn ein òg den høgaste klippa i Europa, Slieve League, som er 601 meter høg.

Donegal Bay sine strender er nokre av dei beste surfestrendene i Europa på grunn av at dei får inn bølgjene frå vest og traktforma til bukta, som gjev høge bølgjer og gode surfeforhold. Rossnowlagh og Bundoran vert av surfemiljø i Europa rekna som dei beste surfestrendene på Irland med gode fasilitetar og glimrande vasskvalitet.

Byar ved bukta[endre | endre wikiteksten]

Stranda Bundoran i Donegal Bay

Elvar som munnar ut i bukta[endre | endre wikiteksten]

Øyar i bukta[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

54°40′N 9°04′W / 54.667°N 9.067°W / 54.667; -9.067