Dongxiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dongxiang-mann
Dongxiang-jente

Dongxiang er eit minoritetsfolk i Folkerepublikken Kina, ein av dei 55 offisielt anerkjende nasjonalitetane i landet. Folket er av mongolsk ætt og soknar til islam. I fylge folketeljinga frå 2010 er det 621nbsp;500 dongxiangar. Dei bur i hovudsak i Gansu, Xinjiang, Qinghai og Ningxia.

Dongxiangane held i dag til i vest og sørvest for det mongolske busetnadsområdet. Forfedrane deiar kom under mongolsk påverknad på 1200-talet og danna tidvis vestgrensa til det mongolske riket. Dongxiang-talemålet høyrer til den mongolske språkgruppa, grunna kinesisk språkdominans er talemålet rekna som truga. Dongxiangane lever stort sett av jordbruk og dyrehald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]