Donkey Kong Country Returns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donkey Kong Country Returns
Utviklar(ar)Retro Studios
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Kensuke Tanabe
Design(ar)Kynan Pearson
Mike Wikan
Tom Ivey[1]
SerieDonkey Kong, Donkey Kong Country
Plattform(er)Wii, Nintendo 3DS
UtgjevingWii
NA: 21. november 2010
EU: 3. desember 2010
JP: 9. desember 2010
Nintendo 3DS
NA: 24. mai 2013
EU: 24. mai 2013
JP: 13. juni 2013
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://donkeykong.nintendo.com/
Del av serien Donkey Kong, Donkey Kong Country⠀
←Donkey Kong Country 3: Dixie Kong's Double Trouble!⠀ · Donkey Kong Country: Tropical Freeze

Donkey Kong Country Returns er eit plattformspel utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo. Spelet vart utgjeve internasjonalt til Wii i slutten av 2010. Ei utvida utgåve av spelet, titulert Donkey Kong Country Returns 3D, vart utgjeven til Nintendo 3DS i mai 2013.[2]

Historia i spelet fokuserer på ei gruppe av vondkyndte vesen kalla Tikiar, kollektivt kjende som Tiki Tak Tribe, som kjem til Donkey Kong Island og hypnotiserer dyra på øya til å stele bananane til Donkey Kong. Dette pressar Donkey Kong til å hente tilbake bananlageret med hjelp frå kompisen Diddy Kong. Donkey Kong Country Returns var det første tradisjonelle Donkey Kong spelet sidan Donkey Kong Jungle Beat i 2005, og er også det første spelet i Donkey Kong Country-serien som ikkje er utvikla av Rare. Spelet fekk hovudsakleg positive omtalar[3][4] og har selt over seks millionar kopiar verda over.[5][6] Ein oppfølgjar, Donkey Kong Country: Tropical Freeze, vart utgjeven til Wii U i februar 2014[7] og til Nintendo Switch i mai 2018.[8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]