Donkeykjel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Donkeymann)

Donkeykjel (frå engelsk donkey - esel) er ein mindre dampkjel som leverer damp til drift av forskjellige hjelpemaskinar om bord i eit fartøy, som vinsjar, pumper og ankerspel. Maskinbesetninga som tok seg av donkeykjelen vart kalla donkeymann og var ofte ein erfaren sjømann som mangla formell utdanning eller sertifikat.

Omgrepet vert òg nytta om donkeymaskinar, som er små hjelpemaskinar til drift av pumper, spel og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • I Store norske leksikon. donkeykjel. (14. februar 2009). Henta 28. april 2019.