Donoúsa

Koordinatar: 37°06′27″N 25°48′50″E / 37.10750°N 25.81389°E / 37.10750; 25.81389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donoúsa
Lokalt namn Δονούσα

Geografi
Donoúsa is located in Hellas
Donoúsa (Hellas)
Stad Kykladane
Koordinatar 37°06′27″N 25°48′50″E / 37.10750°N 25.81389°E / 37.10750; 25.81389

13,8

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Náxos og dei små Kykladane
Hovudsete Donoúsa (141 innb.)
Demografi
Folketal 167 (2011[1]

12,1)

Donoúsa (gresk Δονούσα), òg kalla Donoussa, Denousa eller Denoussa, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Stenosa eller Spinosa. I lag med Amorgós er ho ei av dei austlegaste øyane i øygruppa.

Donoúsa var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Donoúsa 167 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 141 innbyggjarar.[1]

Donoúsa ligg om lag 25 km nord for Amorgós (Katápola), 7 km frå den vesle øygruppa Mákares og 15 km aust for Náxos. Ho er berre 14 km² og består av fjell, åsar, steinar og nokre buskar. Det høgaste punktet er 385 m. Donoúsa har ei lita hamn med båttransport til Náxos og Amorgós.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]