Dor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dor

Dor er eit verktøy som vert brukt til å driva inn spikrar i treverk når ein ikkje vil risikera å skada treverket rundt, eller for å laga merke i metall.

Dorar er laga av metall med eit hovud som skal vera mindre enn den spikaren ein har tenkt å driva inn. «Kroppen» er gjerne litt tjukkare, men likevel tynn og ofte dekt med gummi for å ha eit godt grep når ein nyttar han. Bakenden er eit flatt og udekt treffområde for ein hamar. Når hamaren treffer doren vert krafta overførd igjennom doren til spikaren slik at denne går vidare inn i materialet. Sidan dorhovudet er mindre enn spikaren er det lite sannsyn for at materialet rundt skal verta skadd. Det er best å nytta ein dor som er tverr i enden for å driva inn spikar.

Dor vert òg nytta for å laga eit lite merke i metall, før ein borar. På det viset hindrar ein at boret sklir ut til sida. Ein nyttar då ein spiss dor.