Dor i Hof HaCarmel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°36′26.63″N 34°55′19.19″E
Dor
landsby
Dor beach.jpg
Dorstranda
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Karmelberget
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Hof HaCarmel
Koordinatar 32°36′26.63″N 34°55′19.19″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Greske emigrantar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Dor (hebraisk skrift דּוֹר) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 343. Moshaven vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsby Tantura, aust for den gamle landsbyen, i 1949.[1][2]

Moshaven vart grunnlagd av jødiske innvandrarar frå Hellas, som seinare fekk selskap av jødiske flyktningar frå Irak. Han vart kalla opp etter den gamle fønikiske byen Dor, som var busett av Manasse-stamma i israelittisk tid. Byen er nemnt i Bibelen, i Josvas bok 17:11 og 1. Krønikebok 7:29. Han vart kalla opp etter Tantura etter den arabiske erobringa.[3] Den antikke byen Dor låg på ein tell nord for dagens moshav, oppom kibbutz Nahsholim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]