Dora Baltea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dora Baltea
elv
Ivrea veduta dora.jpg
Dora Baltea nær Ivrea
Land Flag of Italy.svg Italia
Nedslagsfelt 3 920 km²
Lengd 160 km
Middelvassføring 110 /s
Kjelde Entrèves nær Courmayeur
 - høgd 1 400 moh
Munning Po nær Chivasso
Wikimedia Commons: Dora Baltea

Dora Baltea er ei elv nord i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre med ei lengd på om lag 160 km. Ho har sitt utspring ved Mont Blanc der elvane Dora di Ferret, som får vatn frå Pré de Bar-breen i Val Ferret, og Dora di Veny, som får vatn frå Miage-breen i Val Veny.

I Aostadalen renn Dora Baltea gjennom Aosta (der ho mottar Buthier) og så Saint-Vincent. O Piemonte renn ho gjennom Ivrea og Canavese før ho munnar ut i Po nær Chivasso.

Elva er ei populær elv for rafting og kajakkpadling. Tidleg på sommaren, i mai og juni, er elva på det høgaste på grunn av snøsmelting i fjella. I juli-september er vanlegvis vassnivå lågare og temperaturen i vatnet høgare.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]