Dora i Libanon
Utsjånad
| Dora | |||
| الدورة | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
| Distrikt | Matn distrikt | ||
| Koordinatar | 33°54′N 35°34′E / 33.900°N 35.567°E | ||
| Tidssone | EET (UTC+2) | ||
| • Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
| Retningsnummer | +961 | ||
![]() Dora i Libanon 33°54′00″N 35°34′00″E / 33.9°N 35.566666666667°E | |||
Dora (arabisk الدورة) er ein forstad nord for Beirut i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement. Forstaden har handels- og bustadområde. Dora vert administrert av Bourj Hammoud kommune.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Dora er hovudsakleg ein kristen forstad i Beirut, men folk frå andre trusretningar bur her òg. Utanlandske arbeidarar, hovudsakleg egyptarar, irakarar og folk frå Sri Lanka bur i dei billigare områda.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Dora er ein av dei travlaste forstadane i Beirut med mange føretak og fabrikkar. Dora handelssenter er eit fleirbrukssenter og eit av dei største kjøpesentera i Libanon, City Mall. Her er òg kino.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dora i Libanon» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Multiplex Cinema, arkivert frå originalen 15. mars 2013, henta 23. august 2014


