Dordogne
- For elva med same namn, sjå elva Dordogne.
| Dordogne | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Dordogne | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 24 |
| Region: | Aquitaine |
| Préfecture: | Périgueux |
| Sous-préfectures: | Bergerac Nontron Sarlat-la-Canéda |
| Arrondissement: | 4 |
| Kantonar: | 50 |
| Kommunar: | 557 |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 58. |
| -1999 | 388 293 |
| Folketettleik: | 43/km² |
| Landareal¹: | 9 060 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Dordogne er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Périgueux. Andre sentrale byar i Dordogne er Bergerac og Sarlat.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dordogne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Périgord.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Haute-Vienne, Corrèze, Lot, Lot-et-Garonne, Gironde, Charente-Maritime og Charente.
Dordogne er det tredje største departementet i den europeiske delen av Frankrike.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert kalla périgordiens eller périgourdins.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]
Det er om lag 1000 slott i Dordogne, inkludert:
Området er best kjend for sin vakre natur, mange borger frå mellomalderen og fleire førhistoriske holer. Den mest kjende hola er Lascaux ved Montignac som viser holemåleri som er 15000 - 17000 år gamle.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Landbruksspesialitetar i området er raudvin, gåseleverpostei og valnøtter.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Bilete frå Dordogne Arkivert 2006-02-20 ved Wayback Machine.
- Reiseguide for Dordogne Arkivert 2006-04-30 ved Wayback Machine.
- Landsbyar og slitt i Dordogne