Dore Lavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dore Lavik

Dore Lavik i Vildanden saman med Marie Anderesen (seinare Hamsun).
Fødd4. juni 1863
FødestadHosanger kommune
Død18. juni 1908 (45 år)
FødenamnDorotheus Olivarius Lavik
Verka somskodespelar
EktefelleLudovica Levy

Dorotheus Olivarius Lavik, kjend som Dore Lavik, (4. juni 186316. juni 1908) var ein norsk skodespelar og teaterleiar frå Eksingadalen i Hordaland. Han var ein yngre bror av Andres Lavik, Andreas Lavik og Johannes Lavik.

Dore Lavik kom frå eit haugiansk miljø i Eksingadalen i dåverande Hosanger prestegjeld. I 1880-åra studerte han filologi ved universitet i Kristiania. Sommaren 1892 reiste han over til Nord-Amerika, kom heim etter eit par år.

Frå 1894 budde Lavik i hovudstaden, der han i 1896 gifta seg med den danske teaterkvinna Ludovica Levy. Dei reiste på turnear med ulike oppsetjingar, til dei i 1899 slo seg ned i den norske hovudstaden. Dei starta då Sekondteatret og dreiv det saman nokre få år.

I 1901 starta Lavik Det Norske Skuespillerselskab og drog ut på nye turnéar. Ekteskapet hans skranta og frå 1904 heldt Lavik lag med den nær tjue år yngre skodespelaren Marie Andersen. Dei var mellom anna i Danmark i 1906-07. Marie Andersen gifta seg i 1909 med forfattaren Knut Hamsun.

Gjennom sine framføringar or mellom anna Haugtussa gjorde Lavik «mykje til å førebu grunnen for Det Norske Teatret».

Lavik døydde i 1908 av tarmslyng i Bergen, og vart gravlagd på Flatekvål kyrkjegard i Hosanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]