Doreen Chanter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doreen Chanter
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. hundreåret
Yrke songar
Språk engelsk
Medlem av Chanter Sisters, Chanter Sisters

Doreen Chanter er ein britisk songar som er best kjend som medlem av Chanter Sisters[1] og for arbeidet som korvokalist[2] og studiomusikar i 1970- og 1980-åra.

Chanter Sisters[endre | endre wikiteksten]

Chanter byrja karrieren som medlem av ei gruppe kalla the Chanters i 1967 med systera Irene Chanter og fem brør. Dei gav ut fire singlar som selde dårleg. I 1968 vart the Chanter-systrene ein duo som først kalla seg Birds of a Feather.

Duoen gav ut fire singlar mellom 1968 og 1972, men ingen av dei selde godt. Det første albumet deira, Birds of a Feather, kom ut i 1970 med Elton Johnpiano. Chanter-systrene hadde sunge som korvokalistar for John på ei innspeling for Radio 1.

Long John Baldry bad systrene med seg i konsertbandet sitt i 1973. Dei var òg med på konsertalbumet June 1, 1974, med Nico, Brian Eno, Kevin Ayers og John Cale, og song med Chris FarloweBBC Radio 1 Live in Concert. Begge systrene er med på John Cale-albumet Fear i 1972 og same året Ron Wood-albumet I've Got My Own Album to Do. I tillegg song dei for Manfred Mann's Earth BandSolar Fire (1973), Nightingales and Bombers (1975), The Roaring Silence (1976) og Watch (1978), John EntwistleMad Dog (1975), Chris ReaWhatever Happened to Benny Santini? (1978) og Justin HaywardNight Flight (1980).

I 1976 gav Polydor ut det andre albumet deira, First Flight, men det selde dårleg. Dei song live med John Miles på eit konsertalbum. Systrene gav ut to album i 1978 på Safari Records, men dei selde igjen dårleg.

I 1971 var begge systrene med som skulejenter i Hammer-filmen Twins of Evil.

Solosongar[endre | endre wikiteksten]

PÅ det første soloalbumet til Phil Manzanera, Diamond Head (1975), song John Wetton og Doreen duett på songen «Same Time Next Week». Ho svart så med Jacqui Sullivan og danna The Sirens, korvokalistar for turneen til Roxy Music i 1975-76. I 1976 song ho for Bryan Ferry på albumet Let's Stick Together, og året etter på In Your Mind.

I 1981 song Chanter i koret på The Secret Policeman's Ball, i lag med mellom andre Phil Collins, Donovan, Sheena Easton, Bob Geldof, Midge Ure og Tom Robinson. Han skreiv òg to singlar for Kiki Dee, gjeve ut i 1981, og ein song sungen for Dee for den britiske fjernsynsserien Roll Over Beethoven i 1985. Ho dukka opp i filmen Pink Floyd The Wall i 1982 som vokalist i eit kor. I 1983 var både Doreen og Irene korsongarar på The Undertones-songen «The Love Parade» på albumet The Sin of Pride.

Chanter var ein del av turnébandet til både Roger Waters og Van Morrison i 1984. Ho song på Waters-albumet The Pros and Cons of Hitchhiking, som kom ut det året, i lag med Katie Kissoon. Duoen song igjen for Waters på Radio K.A.O.S-turneen i 1987. Chanter song òg på Waters-utgjevinga Radio K.A.O.S. i 1987 og så på fem songar på Amused to Death i 1992.

Ho turnerte med Meat Loaf-bandet Neverland Express i 1984-85, og var med på Bad Attitude - Live! (1985), og med Joe Cocker i 1989. Chanter syng på konsertalbumet til Cocker Joe Cocker Live, som kom ut i 1990.

I 1990-åra song Doreen på fleire album med Chris Farlowe.

Ho er med i ein episode av Only Fools and Horses.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bogovich, Richard; Posner, Cheryl (19. mai 2003). The Who: a who's who. McFarland. s. 48. ISBN 978-0-7864-1569-4. Henta 8 April 2011. «Doreen and Irene Chanter also sang on the John Alcock/John Entwistle Flash Fearless album. The Chanter Sisters released four of their own albums from 1970 through 1978 and played klaverinstrument in addition to singing on them. ...» 
  2. Page, Janice (Aug 17, 1987). «Pink Floyd fans erred if they missed Waters Former lead singer posts strong performance». Providence Journal. s. B13. Arkivert frå originalen 6. november 2012. Henta 8 April 2011. «And backup singer Doreen Chanter nearly stole the show with her powerful and throaty Bonnie Raitt-style solo passages.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]