Doris Coley
Hopp til navigering
Hopp til søk
Doris Coley | |
Fødd | 2. august 1941 |
---|---|
Fødestad | Goldsboro |
Død | 4. februar 2000 (58 år) |
Opphav | USA |
Sjanger | pop |
Instrument | vokal |
Verka som | songar |
Doris Coley (2. august 1941–4. februar 2000) var ei USA-amerikansk songarinne. Ho var mest kjend som medlem av, og stundom førstevokalist, i jentegruppa The Shirelles. Ho slutta først i gruppa i 1968, men kom attende i 1975.
Coley var fødd i Goldsboro i Nord-Carolina. Etter ho gifta seg skifa ho namn til Doris Coley Kenner og seinare Doris Kenner Jackson.
Ho vart innlemma i Rock n' Roll Hall of Fame med resten av The Shirelles i 1996.
Ho døydde av brystkreft, 58 år gammal, i 2000.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Doris Coley» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Polatnick, Gordon. «Doris Jackson Page in Fuller Up, The Dead Musician Directory». Elvispelvis.com. Henta 6 December 2017.