Doris De Agostini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doris De Agostini
Statsborgarskap Sveits
Fødd 28. april 1958
Airolo
Død

22. november 2020 (62 år)

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Doris de Agostini (28. april 195822. november 2020) var ein sveitsisk skirennar frå Airolo i kantonen Ticino. Ho vann bronsemedaljen i utfor under verdsmeisterskapen i alpint 1978, og utforcupen i verdscupen i 1983. Frå 1976 til -83 vann ho åtte utfortevlingar i verdscupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Utforspesialisten Agostini overraska stort då ho vann sin første siger i verdscupen i alpine greiner i 1976 i Bad Gastein. I sesongen elles kom ho aldri inn mellom dei ti beste, ho kom såleis på 18. plass i OL-utforen i Innsbruck. Også i 1977-sesongen gjorde ho einast eitt godt renn. I avslutningsrennet i verdscupen i US-amerikanske Heavenly Valley kom ho på tredjeplassen, bakom austerrikske Birgitte Totschnig og vest-tyske Evi Mittermaier.

Vinteren 1978 tok Agostini plass mellom dei 6-7 beste kvinnelege utforkøyrarane i verda. Som best fekk ho ein tredjeplass i verdscupen i eit renn i Pfronten, og toppa sesongen med bronsemedaljen i utfor under VM i alpint 1978 i Garmisch-Partenkirchen. Berre Annemarie Moser-Pröll frå Austerrike og Irene Epple frå Vest-Tyskland kom i mål på betre tid.

I 1979-sesongen kom Agostini på andreplassen i opningsrennet i utfor i verdscupen, atter var Moser-Pröll betre. Deretter forsvann Agostini frå toppen av resultatlistene. OL-sesongen 1980 hevda ho seg i enkelte verdscuptevlingar, med ein ny tredjeplass i Pfronten som best. I utforrennet i Vinter-OL 1980 i Lake Placid kom ho i mål på delt 17. plass.

Først fem år etter sin første og einaste siger i verdscupen, kunne Agostini stige til topps på sigerspallen. I januar 1981 i Schruns vann ho eit utforrenn framom Cindy Nelson frå USA. Seinare i sesongen vann ho eit nytt utforrenn. Også i 1982 vann ho to verdscuprenn. Ho kom inn på sjuandeplassen i VM i alpint 1982 i Schladming. I begge sesongane 1981 og 1982 kom ho på andreplass i samandraget i utforcupen, etter høvesvis landsmannen Marie-Theres Nadig og franske Marie-Cécile Gros-Gaudenier.

Sesongen 1982/83 vann Agostini utforcupen samanlagt, og kom på tiandeplass i verdscupen. Ho vann tre renn gjennom sesongen. Totalt vann ho i si tid åtte enkeltrenn i verdscupen, nitten gongar stod ho på sigerspalllen.

Ved sesongslutt i 1983 la ho opp.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
21. januar 1976 Bad Gastein Austerrike Utfor
12. januar 1981 Schruns Austerrike Utfor
28. januar 1981 Megève Frankrike Utfor
19. desember 1981 Saalbach-Hinterglemm Austerrike Utfor
14. februar 1982 Arosa Sveits Utfor
7. desember 1982 Val-d’Isère Frankrike Utfor
14. januar 1983 Schruns Austerrike Utfor
29. januar 1983 Les Diablerets Sveits Utfor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]