Doris Leuthard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doris Leuthard

Fødd10. april 1963 (60 år)
Merenschwand
Statsborgar avSveits
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Zürich
FarLeonz Leuthard
Alle verv
  • forbundspresident (2010–2010)
  • medlem av Forbundsrådet (2006–2018)
  • medlem av Nasjonalrådet i Sveits (1999–2006)
  • visepresident i Forbundsrådet (2016–2016)
  • visepresident i Forbundsrådet (2009–2009)
  • forbundspresident (2017–2017) Sjå dette på Wikidata

Doris Leuthard (fødd 10. april 1963) er ein sveitsisk politikar og jurist frå Merenschwand i kantonen Aargau. Ho har sidan 1. august 2006 vore medlem av forbundsrådet i Sveits, og var forbundspresident i 2010 og 2017. Frå 1. november 2010 var ho leiar av Miljø-, transport-, energi- og samferdsledepartementet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Leuthard sat mellom 1999 og 2006 i den sveitsiske nasjonalforsamlinga, der ho dei to siste åra var partileiar for Kristelegdemokratane (CVD/PDC/PPD/PCD). Den 14. juni 2006 vart ho vald inn i forbundsrådet, som etterfylgjar til Joseph Deiss med 133 av 234 gyldige røyster. Ho vart dermed den 109 medlemen av forbundsrådet sidan 1848, og den femte kvinna. I og med at Leuthard vart vald, gjekk ein vekk frå ein lang praksis med å velje nokon frå same språkgruppa til etterfylgjar, då Deiss er fransktalande og Leuthard tysktalande.

Leuthard tiltredde som økonomiminister då ho vart medlem av forbundsrådet. I 2009 var ho visepresident i rådet, og i 2010 var ho forbundspresident. Den 1. november 2010 tok ho over leiinga for Miljø-, transport-, energi- og kommunikasjonsdepartementet etter at Moritz Leuenberger hadde gått av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]