Dorking

Koordinatar: 51°14′N 0°20′W / 51.233°N 0.333°W / 51.233; -0.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå hønserasen dorking.

Dorking

Dorking frå Denbies Hillside
Dorking frå Denbies Hillside
Dorking frå Denbies Hillside
Plassering
Dorking is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Surrey
Distrikt Mole Valley
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

17 000
Koordinatar 51°14′N 0°20′W / 51.233°N 0.333°W / 51.233; -0.333
Diverse annan informasjon
Postnummer RH4
Telefon-retningsnummer 0 1306
Commons har multimedium som gjeld: Dorking

Dorking er ein marknadsby i Surrey i England, omkring 40 km sør for London. Byen starta som ein kvilestad langs Stane Street, den romerske vegen mellom London og Chichester. Byen er mindre modernisert enn omkringliggande stader.

Rett nord for byen renn elva Mole gjennom ein dal med bratte sider i North Downs. På venstre breidd ligg Denbies vingard, som er den største vingarden i Storbritannia. På høgre breidd ligg Box Hill, som er rekna som ein stad av særskild vitskapleg interesse på grunn av dei mange sjeldne orkidétypane som veks der. Lenger nord ligg Norbury Park, og i denne parken finn ein Druids Grove, ein eikelund med eldgamle tre, nokre meir enn 1000 år gamle. Lord Nelson skal ha vore den siste natta si på land før slaga ved Trafalgar på Burford Bridge Hotel ved elva.

Sør for byen ligg Leith Hill, som òg blir ått av National Trust og er det høgaste punktet i det sørlege Englandet. Området rundt Leith Hill, som òg inkluderer Holmbury Hill, Pitch Hill og delar av North Downs kallast The Surrey Hills. Det er i ferd med å bli det mest populære staden i det sørlege England for terrengsykling.

I leirjord sør for byen vart det funne ein til då ukjend type dinosaur, Baronyx walkeri. Han levde av fisk, noko som kunne fastslåast sidan dei siste måltida hans låg fossilisert mellom ribbeina. Skjelettet er utstilt på Naturhistorisk museum i London.

I april kvart år vert Leith Hill musikkfestival halden, som er ein korfestival. Han vart starta av den engelske komponisten Ralph Vaughan Williams.

Det mest kjende bysbarnet er truleg skodespelaren Laurence Olivier.

«Slaga ved Dorking» er ikkje eit historisk slag, men ei novelle om eit fiktivt slag skildra av George Tomkyns Chesney i 1871.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dorking