Dornbirn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over byen Dornbirn
Sjukehuset i Dornbirn

Dornbirn er ein kommune i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Med over 47 000 ibuarar i 2015 er kommunen den mest folkerike i forbundslandet og den tiande største byen i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 120,8 km². Den folkerike delen av Dornbirn ligg 437 meter over havet, mot aust stig landskapet over i åsar og fjell.

Dornbirn er eit næringssenter i det vestlege Austerrike og eit regionalt knytepunkt i samferdsla.

Byen var heller liten til slutten av det 19. hundreåret. Med ei veldig oppblomstring i tekstilindustrien voks Dornbirn snøgt til å verte den meste folkerike kommunen mellom Alpenrhein og Arlberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]