Dornier Do X


Dornier Do X var eit tysk sjøfly som var det største i verda då det vart produsert av Dornier i 1929. Flyet vart berre produsert i tre eksemplar. To vart selde til den italienske marinen (X2 og X3). Flyet vart ingen suksess for konstruktøren Claude Dornier. Han fekk ingen flyselskap interessert i å kjøpa flyet og setja det inn i regulær rutetrafikk, men Dornier Do X var eit av dei mest imponerande flya i si tid. Flyet vart totalt øydelagt under andre verdskrigen då det var i eit museum i Berlin.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]
I rekkja av eit førtitals dorniermodeller, frå Dornier Wal i 1923 til Dornier 728 i 1996 til fabrikken vart overteken av Fairchild, er neppe nokon av flya meir omtalt og meir kjend enn Do-X.
Forarbeida til konstruksjonen av flyet byrja i 1924. Ideen til konstruktøren var å byggja eit flygande skip som kunne setjast inn i atlanterhavstrafikken til Sør- og Nord-Amerika. Do X vart bygd og innreidd etter mønster av dei luksuriøse passasjerskipa i samtida, med sitjegrupper i salongar, sovesalong og bar, og med persiske teppe på golva.
Flyet var langt forut for si tid, men teknisk vart det eit problem med omsyn til å frakta passasjerar. Flyet vart aldri sett inn i noka regulær passasjerrute mellom Europa og Amerika. Den einaste forma for inntektsgjevande passasjertrafikk skjedde under demonstrasjonsflygingar med flyet, der det vart gjort rundflygingar med betalande passasjerar i byane flyet vitja.
Først med DC-8 i 1959, 30 år seinare, vart det bygt sivile fly med tilsvarande ytre mål og som hadde kapasitet for over 160 passasjerar.
Dornier Do X vart bygd ved Bodensjøen i Sveits, i byen Altenrhein. Etter Den fyrste verdskrigen hadde ikkje Tyskland lov til å byggja fly, men tyskarane tolka Versaillestraktaten slik at dei kunne byggja fly utanfor Tyskland. I Friedrichshafen ved Bodensjøen vart det òg bygga tyske zeppelinarar, m.a luftskipet «Hindenburg».
Byggearbeida starta 19. desember 1927 og flybåten vart sjøsett 12. juli 1929. Før flybåten var tilreidd med den luksuriøse innreiinga si vart det sett inn korgstolar. Med 169 passasjerar, tilsette av Dornier med familiar og dessutan eit mannskap på 10, leidd av kaptein Friedrich Christiansen, vart den fyrste flyturen gjort som ei rundflyging over Bodensjøen i over ein time. Flyet hadde endå ikkje fått luftdugleiksbeviset sitt. Det vart godkjent av tyske luftfartsstyresmakter i oktober 1930 og gjeve kjenneteikna D-1929.
Den 5. november 1930 starta Do X på ein sals- og demonstrasjonstur til byar i Europa, og vidare til Sør-, Mellom- og Nord-Amerika. Turen var berekna å ta nokre veker. Ei rekkje uhell og uventa hindringar undervegs førte til at turen varte i 18 månader. Etter ein flytur på 36 000 kilometer landa Do X på den største innsjøen i Berlin, Müggelsee, den 24. mai 1932, og i dei neste månadane kom 200 000 for å sjå flyet.
Tida var ikkje moden for ein flybåt med slike dimensjonar. Lufthansa var ikkje interessert i å setja dha inn i atlanterhavsrute. Den første atlanterhavsruta til Lufthansa, til New York, vart opna i 1938 og floge med Focke-Wulf Fw 200 «Condor».
Det vart først bygd denne eine maskina for Dorniers rekning. I 1931 bestilte Italia 2 Do X for den italienske marinen. Desse vart utstyrte med Fiat-motorar. Flya vart flogne til marinebasen i La Spezia. Lite er kjent om skjebnen til desse flya, men dei skal ha vorte brukt til troppetransport under Den andre krigen mellom Italia og Etiopia i 1935, og seinare hogde opp. Flya fekk namn etter dei to italienske flygaressa Umberto Madalena og Alessandro Guidon, og vart kalla Do X 2 R1 og Do X 3 R1.
Eit av problema under prøveflygingane var dei tysk-bygde motorane. Både på grunn av valutasituasjonen i Tyskland i mellomkrigstida og Dornier sitt stolte kav om at flyet skulle vera heiltysk og visa verda kva tysk flyindustri kunne prestera, så insisterte han i det lengste på å halda på tyskbygde siemensmotorar, men før demonstrasjons- og salsturen gav han likevel etter og aksepterte eit brukslån av motorar frå Curtiss i USA. Med motorane frå Curtiss fekk Do X ei auka motorkraft på 22 %.
Sals- og demonstrasjonsturar
[endre | endre wikiteksten]
Den store sals- og demonstrasjonsturen til Amerika
[endre | endre wikiteksten]- Etter å ha forlate Bodensjøen 5. november 1930 og vore innom engelske og franske byar kom Do X til
- Lisboa, der ein brann i den duk-kledde vengen forårsaka ei forseinking på nesten tre månader, og først den 5. januar 1931 vart kursen sett for
- Provinsen Las Palmas på Kanariøyane, der flyet vart verande til 3. mai. Deretter vart kursen sett sørover langs vestkysten av Afrika til
- Bubaque, ei øy på vestkysten av Portugisisk Guinea (no Guinea-Bissau) for å kryssa Sør-Atlanterhavet på det smalaste. På Bubaque vart det liggjande vêrfast i fire veker i påvente av brukbart vêr for å kunna halda fram turen til
- Natal i Brasil, som vart nådd 31. mai. No vart kursen sett sørover til
- Rio de Janeiro, der mannskapet måtte vera i 47 dagar. Kursen vart så sett nordover til
- Belém, med 10 dagars opphald for byte av ein motor. 18. august gjekk ferda vidare via Puerto Rico og Cuba før landing i
- Miami, før flyet flaug nordover med mellomlanding i Charleston og Norfolk til
- New York, der fly og mannskap fekk ei storslagen mottaking den 27. august 1931.
Opphaldet i New York vart langvarig, ni månader. No ville Curtiss ha betaling for motorane og tok arrest i flyet. Depresjonen hadde ramma Dornier hardt og han var ikkje i stand til å reisa dei naudsynte 60 000 dollar, men til slutt fekk han eit lån frå den vaklande tyske regjeringa og den 19. mai 1932 byrja heimturen, som gjekk utan for store problem.
Heimturen tok tre døgn, og gjekk via Newfoundland, Horta på Asorane og England for så å landa i triumf på Müggelsee i Berlin den 24. mai 1932.
No hadde Do X gjennomført ein tur på 36 000 km med ein gjennomsnittsfart på 170 km/t. Total flytid var 212 timar.
Etter at turen var gjennomført vart eigarskapen overført til den tyske regjeringa.
Nye demonstrasjonsturar
[endre | endre wikiteksten]
I eit forsøk på å få tilbake nokre av utgiftene til utvikling og bygging av Do X, vart flyet frå juni til november 1932 send ut på ein ny tur til i Aust-Prøysen, Danzig, nordtyske byar og nedover langs Rhinen. Det var planlagt å dra til 32 byar, og dette vart vellukka gjennomført.
Ein liknande tur var planlagd i 1933 ned Donau til Istanbul, men ei uheldig landing der flyhalen brakk førte til nye forseinkingar. Flyet vart reparert, men etter at eit par byar til var vorte vitja vart heile turen avlyst.[1]
Sorti
[endre | endre wikiteksten]Do X vart no teke ut av teneste og gjeve til det tekniske museet i Berlin. Her fekk det selskap med m.a ein Fokker tredekkar Dr. I, eit fly likt det den legendariske baronen Manfred von Richthofen brukte under første verdskrigen.
Under eit bomberaid mot Berlin den 23.-24. november 1943 vart museet bomba av RAF og Do X gjekk tapt. Mange andre flyhistoriske klenodium gjekk tapte i Tyskland under andre verdskrigen, m.a. Roald Amundsen sin flybåt N-25 frå forsøket på å nå Nordpolen i 1925 vart øydelagt under eit bombeangrep mot Deutsches Museum i München.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Aftenpostens historiemagasin nr. 5 2016
- Denne artikkelen bygger på «Dornier Do X» frå Wikipedia på bokmål, den 11. oktober 2018.