Dorothe Engelbretsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dorothe Engelbretsdatter)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dorothe Engelbretsdotter
Dorothe engelbretsdatter.jpg
Fødd 16. januar 1634Rediger på Wikidata
Bergen
Død

19. februar 1716
Bergen

Yrke lyrikar, skribent
Sjanger salme
Dorothe Engelbretsdotter på Commons

Dorothe Engelbretsdotter (16. januar 163419. februar 1716) frå Bergen var den første kjende kvinnelege forfattaren frå Noreg. Ho skreiv salmar, høvesdikt og rimbrev. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei vart gjevne ut.

Forfattaren vert også kalla Dorothe Engelbretsdatter, medan førenamnet kan verta stava «Dorothe», «Dorthe» eller «Dorte». Sjølv kalla ho seg «Bergens Debora».

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Tittelstikk frå førsteutgaven av Taare-Offer frå 1685.

Dorothe var prestedotter, og vart seinare prestekone. Foreldra hennar var Anna Wrangel og Engelbret Jørgensen, som var domprest i Bergen domkyrkje.

I 1647 drog Dorothe Engelbretsdotter til København, der ho skal ha vore i tre år. Her var det eit aktivt litterært miljø. I København gifta hun seg atten år gamal med faren sin kapellan, Ambrosius Hardenbeck (f. 1621), som var son av en tysk organist i Bergen.[1] Ambrosius Hardenbeck etterfylgde seinare svigerfar sin som sokneprest. Gjennom mannen kom ho i kontakt med det tysk-bergenske musikalske og teologiske miljøet i byen.

Dorothe fekk ni barn med Ambrosius. Sju av desse barna var allereie døde då Dorothe gav ut den første samlinga si av åndelege songar, Siælens Sang-Offer, i 1678. Hardenbeck døydde i 1684. Under sørgjeåret etter ektemannen vitja Dorothe København 1684–85, og traff der salmediktaren Thomas Kingo.[1] Medan ho sørga over mannen og dei døde borna sine skreiv Dorothe den store diktsyklusen Taare-Offer.

Dei to gjenverande borna forlét heimlandet, den eine som student og den andre som soldat. Den yngste av dei døydde under krig i Tyrkia, medan den eldste reiste til utlandet, og ho mista heilt kontakten med han. I Bergen Billedgalleri fanst eit portrett av sonen Engelbrecht Ambrosius Hardenbeck måla av Hendrik Krock. Det var påført opplysinga om at Engelbrecht var «berømmelig for sine mange Aaars udenlands langvarige Reiser». Dorothe Engelbretsdotter levde einsam i Noreg dei siste trettitre åra av livet. Ho forsørga seg sjølv gjennom forfattarskapen og ein liten enkjepensjon.[2]

Dorothe Engelbretsdatters hus ved Gamle Bergen Museum.

Som tenåring var Ludvig Holberg i nokre par år næraste naboen til Dorothe Engelbretsdotter. Han budde då hjå morbroren og pleiefaren sin Peder Lem, like ovanfor domkyrkja i huset ved sida av Dorothe. Beundringa Holberg viser henne i sin Bergens beskrivelse kan nok sporast tilbake til tida då han kjende henne personleg, og ho kan ha vekka reiselysta hans med soger om utanlandsreisen til sonen Engelbrecht.[3]

I 1702 brann huset til Dorothe Engelbretsdotter ned under storbrannen i Bergen 19. mai. To år seinare kom kong Frederik IV til Bergen, og Dorothe gav han eit dikt der ho bad om hjelp til å få eit nytt hus. Då dette ikkje hjelpte, sende ho brev til styresmaktene i Bergen og fortalde om situasjonen sin. I 1712 fekk ho endelig eit hus ved bispebrunnen. I 1963 vart dette huset flytta til Gamle Bergen Museum.[4]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Førstesida av Taare-Offer

Siælens Sang-Offer kom ut i 1678. Dette er no rekna hovudverket hennar. Verket inneheld perikopesalmar, salmar skrivne til bibeltekstar som ein kunne lesa til kyrkjelege høgtidsdagar og sundagar. Mange av dei er også botssalmar eller salmar knytte til ars moriendi,[1] 'kunsten å døy'.

Taare-Offer var det andre store verket hennar, og vart trykte for første gong i 1685. Dikta har motiv frå Lukas-evangeliet, kapittel 7,36-50 («Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne»),[5] og er «ei fri og sjølvstendig attdikting» av ei andaktsbok av Heinrich Müller med ein liknande tittel.[1]

Diktinga til Dorothe Engelbretsdotter var typisk for tida: Gudeleg og barokk, og ho gjorde stor suksess både i Noreg og Danmark. Ho vart ein pionér for god dikting og bruk av morsmålet. Med dikta sine ville forfattaren heidra Gud og omvenda, trøysta, gleda og oppseda folket. Dei religiøse dikta hennar inneheld kristen brude- og pasjonsmystikk.[1] Dorothe skreiv også mykje om korleis ho sørgde over tapet av ektemannen og barna sine.

Dei fleste av salmane hennar var dikta til moderne melodiar og gjevne ut med notebilag. Dei vart svært populære og vart trykte i 25 utgåver, den siste i 1868. Dei var meint for husandakter og kom først og fremst inn i privatsalmebøker. Dei vart først tekne med i kyrkjesalmebøker då Magnus Brostrup Landstad tok dei med i si kyrkjesalmebok frå 1869. Landstads reviderte salmebok har fire salmar av Dorothe Engelbretsdotter. Norsk Salmebok 1985 innheld «Dagen viker og går bort» og «Når verden med sin glede sviker». I salmeboka frå 2013 var berre den første av desse tekne med.[6]

Av høvesdikta og rimbreva hennar er rundt 50 att. Desse er til motsats frå diktverka ofte lystige og dristige.[6] Dei omfattar mellom anna bindebrev, bøneskriv, takkeskriv, gravferdsdikt, kongedikt, minnedikt, ulukkedikt, polemiske vers og fødselsdagsdikt. Nokre av dikta inneheld forsvar av diktinga og svar på skuldingar om at dikta skulle vera plagierte eller laga av menn.[1]

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Relieff som viser Dorothe Engelbretsdotter av Ambrosia Tønnesen ved Bergen domkyrkje.

I 1684 fekk Dorothe innvilga fullstendig skattefridom på livstid av kongen. Mange ser på skattefridomen som den fyrste diktargasjen gjeven til nokon i Noreg.[1]

Dorothe var ein av dei første kvinnelege forfattarane som klarte å livnæra seg av skrivinga si, og kan slik sjåast på som eit tidleg fordøme for kvinnesaka. Dorothe er ei av berre to kvinnelege diktarar vi kjenner til på 1600-talet - den andre er Ingeborg Grytten. Då Dorothe vart skulda for ikkje å ha skrive bøkene sine sjølv av mannlege konkurrentar, svara ho at dei burde «setjast i karantene på ei aude øy eller kastrerast».[7]

Etterkvart som stilen til Dorothe Engelbretsdotter gjekk av moten vart diktinga hennar nedvurdert og til dels gløymt i litterære krinsar. Ho vart likevel verande folkekjær i lang tid.[1]

Petter Dass[endre | endre wikiteksten]

Dorothe Engelbretsdotter og Petter Dass var samtidige, og skreiv brev til kvarandre:

Grand Mercy, mein lieber Frater,
Hæderlig Hr. Peter Dass,
Vi vil være Camerater,
Falder det ham saa til pas.
Jeg som een Poete Unge,
Byder frem, hvad ieg formaar,
J een simpel Qvinde Tunge
Jngen høy Discurs bestaar.
Om ieg zwischen uns at sige,
Kand lidt meer end Fader Vor,
Maa ieg for de Lærde viige,
Buxefolket gaar dog for.

(Utdrag av rimbrev frå Dorothe Engelbretsdotter til Petter Dass)[7]

Matrone! Hvo staaer til?
Gaaer Junker Ars paa Krykker?
Er Phoebi Harpe-Spil Nu slagen slet i Stykker?
Hvorledes er det fat Med Frue Minervæ Sager?
Har hun ald Fryd forladt Og holder Sørge-Dager?
Er nu Parnassi Slot Forstyrret slet og øde?
Er Musa Banqverot? Er alle Nympher døde?
Har ald Poeters Ven Sit Skriver-Tøy forsoren?
Er Blæk, Papir og Pen Forsvunden og forloren?
Min Pen tre Gange har Til Dorothea ganget,
Men ey Bogstav og Svar Til Dato har erlanget.

Rimbrev frå Petter Dass til Dorothea Engelbrets-Datter[8]
Communauté silhouette modif.jpg

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Siælens Sang-Offer, indholdende gudelige Sange paa de fornemste Fester, salmar, 1678
  • Taare-Offer, gudelige Siæle til Underviiszning, andaktar i verseform, 1658
  • Tvende ny aandelige Psalmer, salmar, 1690
  • Tvende meget smucke ny Psalmer, salmar, 1705

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Akslen, Laila (28. september 2014). «Dorothe Engelbretsdatter». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Bold of Pen, Bold in Ink», Nordic Women's Literature (på engelsk), 25. juli 2011, henta 31. desember 2019 
  3. Joh. Nordahl-Olsen: Ludvig Holberg i Bergen (s. 50-1), John Griegs forlag, Bergen 1905
  4. «Gamle Bergen Museum | Bergen byleksikon», www.bergenbyarkiv.no, henta 29. desember 2019 
  5. Luk 7,36-50 ved Bibel.no
  6. 6,0 6,1 «Dorothe Engelbretsdatter». Store norske leksikon (på bokmål). 15. juni 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Noregs første kvinnelege forfattar». 16.05.2018.  (CC BY-SA)
  8. Dag og Tid 23. april 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Akslen, Laila (1970) Feminin barokk: Dorothe Engelbretsdotters liv og diktning
  • Akslen, Laila (1997) Norsk barokk: Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass i retorisk tradisjon
  • Pettersen, Egil (1957) Norskhet i språket hos Dorothe Engelbretsdatter
  • Vederhus, Inger (1982) Engelbretsdatterstudiar (hovudoppg.)
  • Vederhus, Inger (1988) «Den første Hun Poet i Arvekongens Lande» i Engelstad, Inger m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 1, 19-26,
  • Vederhus, Inger (1993) «Kieck i Pennen, kieck i Bleck» i Møller Jensen, Elisabeth m.fl., red.: Nordisk kvindelitteraturhistorie, b. 1, 163-75