Dorothea Blom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dorothea Blom
Fødd 2. november 1873
Horten
Død

25. januar 1957 (83 år)

Yrke skribent

Dorothea Kristine Blom (2. november 187325. januar 1957) var ein norsk forfattar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Dorothea Blom var fødd i Horten. Ho var dotter av kommandørkaptein Hans Andreas Blom (av slekta Blom frå Skien) og Julie Sofie Ohlsen.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Dorothea Blom vart uteksaminert frå Horten middelskole i 1890. Ho gjekk deretter ved to lærarinneskular og arbeidde ein kort periode som lærar, før ho i 1897 kom inn på Katedralskolen i Kristiansand. Der tok ho Examen Artium i 1899. Ho innleidde studium i Kristiania i 1899.[2] Ho studerte i to år og fullførte annaneksamen, før ho var ei tid ved det kjemiske laboratoriet. Deretter flytta ho attende til Kristiansand.

I 1921 gav Blom ut si fyrste bok, Soga aat den unge presten. Seinare gav ho ut ei rekkje hefte med tolkingar av Edda. Sannsynlegvis er det òg ho som stod bak pseudonymet Irelar, som gav ut Jehova Elohims søner i 1940. Ho skreiv både på riksmål og nynorsk.

Blom var sympatisk innstilt overfor politikken til Vidkun Quisling i ein periode. I løpet av krigen utvikla ho seg i ei meir kommunistisk retning, utan at ho dermed var tilhengar av ei sterk tilknyting til Austblokka.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

På norsk[endre | endre wikiteksten]

  • 1921: Soga aat den unge presten
  • 1934: Behandlingen av våre døde – er den betryggende? – med hensyn til skindød
  • 1935: Svipdagmål: et oldnorsk kvede
  • 1935: Um landsnamnet vårt sitt upphav og si tyding: Sverrige og Danmark sine namn
  • 1936: Tyding av Habardljod
  • 1937: Grimnismål: et eddakvede
  • 1939: Tåke-hvirvlingen som nøklen eller lykelen til 'Edda's og hedenskapets verdensanskuelse
  • 1940: Irelar: Jehova Elohims sønner
  • 1956: Grunntankane i Edda-kvedene som panteistisk emansipasjonsfilosofi

Omsett til engelsk[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: The whirling og the mist as the fundamental principle of Paganism

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]