Dorothy Shirley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dorothy Shirley


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. mai 1939 (84 år)
Manchester
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960

Dorothy Ada Shirley (fødd 15. mai 1939) er ein britisk tidlegare høgdehoppar frå Manchester som vann EM-bronse i 1958 og OL-sølv i 1960.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Shirley hoppa over 1,67 meter då europameisterskapen 1958 vart avvikla i Stockholm, einast Romanias Iolanda Balaș og sovjetiske Taisija Tsjentsjik kom over henne. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok tre utøvarar seg over 1,71 meter i fyrste forsøk. Av desse fekk Dorothy Shirley og polske Jarosława Jóźwiakowska kvar si sølvmedalje for prestasjonen, medan Iolanda Balaș ikkje stoppa før etter ho hadde gått over 1,85 meter.

I september 1962 vart Shirley nummer 4 ved EM i Beograd, med 1,67 meter enda ho seks centimeter under bronseplassen. Sju år seinare, i hennar fjerde og siste europameisterskap, hoppa ho livsbeste 1,74 meter, vart likevel ikkje betre enn nummer 11.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]