Dorset Downs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 50°51′36″ N 2°22′40″ W

Toppen av bakkane frå Cerne Abbas og søraustover mot River Piddle-dalen

Dorset Downs er eit område med graskledde bakkar sentralt i Dorset sørvest i England. Bakkane er den vestlegaste delen av ein større kalksteinsformasjon som òg (frå vest til aust) omfattar Cranborne Chase, Salisbury Plain, Hampshire Downs, Chiltern Hills, North Downs og South Downs.

Dorset Downs grenser i nord til Blackmore Vale, ein stor dal av kalkstein og leire.

Det meste av området vert nytta som jordbruksland, skogbruk og beitemark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]